Morbær er ei treslekt i morbærfamilien.
Trea er store med hjarteforma blad, små blomar og saftig, velsmakande frukt, som liknar bjørnebær. Det finst i alt ti artar.
Svart morbær, Morus nigra, høyrer heime i Iran, men vart alt i antikken dyrka i middelhavslanda, og i nyare tid òg lenger nord i Europa. Fruktene er svartfiolette, og vert mest nytta sylta.
Kvit morbær, Morus alba, stammer frå Kina, men har vore dyrka i middelhavslanda sidan 1200-talet. Det har ikkje så god frukt som det svarte, men er eit særs viktig nyttetre ved silkeavlen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Morbær, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.