Sjiraffen

Sjiraffen (frå latin Camelopardalis) er eit stort og svakt lysande stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Stjernebiletet vart innført i 1612 (eller 1613) av Petrus Plancius.

Sjiraffen
Sjiraffen
Sjiraffen
Latinsk namn Camelopardalis
Forkorting Cam
Genitivsform Camelopardalis
Symbologi Namngitt av J. Bartsch
Rektasensjon 6 h
Deklinasjon +70°
Areal 757 kvadratgrader
nr. 18 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne β Cam (4,03. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10°

Kjende objekt

Sjiraffen 
Stjernebiletet Sjiraffen slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Sjølv om Sjiraffen er det 18. største stjernebiletet, er det ikkje særleg lyssterkt, og den mest lyssterke stjerna er berre av 4. storleiksklasse. Faktisk inneheld det berre fire stjerner over storleiksklasse 5,0.

  • α Cam er ei blå superkjempe med storleiksklasse 4,3, 5000 lysår frå jorda. Det er uvanleg å kunne sjå stjerner med det nakne auga på så langt avstand.
  • β Cam er mest lyssterke stjerna i Sjiraffen med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,03. Denne stjerna er ei dobbeltstjerne, og kvar komponent har ein storleiksklasse på 4,0 og 8,6. Hovudstjerna er ei gul superkjempe som ligg 1000 lysår frå jorda.
  • 11 Cam er ei stjerne med storleiksklasse 5,2, 650 lysår frå jorda. Ho er særs nær 12 Cam med storleiksklasse 6,, som òg ligg 650 lysår frå jorda, men dei to stjernene er ikkje ei dobbeltstjerne.
  • Σ 1694 (Struve 1694, 32 Cam) er ei dobbeltstjerne 300 lysår frå jorda. Begge komponentane har ein blåkvit farge. Hovustjerna har storleiksklasse 5,4 og den andre storleiksklasse 5,9.
  • CS Cam er den nest mest lyssterke stjerna, men har verken ei Bayer- eller i Flamsteed-nemning. Ho er av storleiksklasse 4,21 og noko variabel.
  • Z Cam vert ofte observert som ein del av prosjektet AAVSO. Ho er ein prototype for Z Camelopardalis variable stjerner.

I 2011 vart det oppdaga ein supernova i stjernebiletet.

Djupromsobjekt

Camelopardalis høyrer til den delen av himmelen som vender bort frå det galaktiske planet. Dette gjer at mange fjerntliggande galaksar er godt synlege. NGC 2403 er ein galakse i M81-gruppa og ligg kring 12 millionar lysår frå jorda med ei raudforskyving på 0,00043. Han er klassifisert mellom ein elliptisk og ein spiralgalakse fordi han har svake armar og ei svær sentral bolning. NGC 2403 vart først oppdaga av astronomen William Herschel på 1700-talet. Han har ein integrert storleiksklasse på 8,0 og er kring 0,25° lang.

NGC 1502 er av storleiksklasse 6,9 og er ein open hop kring 3 000 lysår frå jorda. Han har kring 45 lyse medlemmar og ei dobbelstjerne med storleiksklasse 7,0 i sentrum. NGC 1502 er òg tilknytt Kemble-kaskaden, ein enkel, men vakker asterisme som syner seg på himmelen som ei rekkje av stjerner over 2,5° lang, parallell til Mjølkevegen og i retning Kassiopeia. NGC 1501 er ei planetær stjernetåke kring 1,4° sør for NGC 1502.

NGC 2655 er ein liten galakse. IC 342 er ein av dei to mest lyssterke galaksane i IC 342/Maffei-gruppa. Den vesle irregulære galaksen NGC 1569 har storleiksklasse 11,9 og er ein starburstgalakse, kring 11 millionar lysår unna.

MS0735.6+7421 er ein galaksehop med ei raudforskyving på 0,216, som ligg 2,5 milliardar lysår frå jorda. Han er unik på grunn av intracluster medium, som sender ut kraftig røntgenstråling. Denne galaksehopen har to holrom som er 600 000 lysår i diameter, skapt av eit sentralt supermassivt svart hòl, som stråler ut jettar av stoff. MS0735.6+7421 er ein av dei største og mest fjerntliggande døma på dette fenomenet.

Tombaugh 5 er ein ganske lyssvak open hop i Sjiraffen. Han har ein samla storleiksklasse på 8,4 og ligg 5 800 lysår frå jorda. Han er ein Shapley klasse c- og Trumpler klasse III 1 r-hop, som tyder at han har ei ujamn form og ser open ut. Sjølv om han ligg for seg sjølv, er det ikkje ein konsentrasjon av stjerner i midten. Han har meir enn 100 stjerner som har sterkt varierande lysstyrke, hovudsakleg av 15. og 16. storleiksklasse.

NGC 2146 er ein starburstgalakse med stavar og spiralform av 10. storleiksklasse og som er synleg vridd på grunn av vekselverknad med ein nabogalakse.

MACS0647-JD er ein av kandidatane til det som kan vere den mest fjerntliggande galaksen i universet (z= 10.7).

Meteorsvermar

Den årlege meteorsvermen Camelopardalids frå kometen 209P/LINEAR stråler ut frå Sjiraffen.

Romutforsking

Romsonden Voyager 1 flyttar seg i retning dette stjernebiletet, men ville ikkje kome nær nokre av stjernene i stjernebiletet på mange tusen år, og kraftkjelda ombord vil då forlengst vere tom.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Sjiraffen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Sjiraffen

Tags:

Sjiraffen Kjende objektSjiraffen KjelderSjiraffen BakgrunnsstoffSjiraffenHimmelkvelvingaLatinStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VestlandetArian EngebøAserbajdsjanOrTrepunktsopphengSki-VM 2019MediaWikiElon MuskPedro I av BrasilNasjonalrettTutankhamonCreative CommonsRSSSunderland AFCArabiskRain of RevolutionPandaTyrkiaBryan AdamsBiologisk slektIsraelStillehavetSkjør astmaEpiPenChittagongUkrainsk matAfrikaLydmålingStudentLinn UllmannThomas JeffersonApatosaurusLohriSkigardsviseJo NesbøSamisk kulturJean CocteauKirgisistanAndre pinsedagFrankrikeEritreaOSI-modellenSikhismenMusvåkSakharovprisenNazismeSvastikaKorint29. aprilAdele AdkinsSyriaNangijalaAfghanistanAlbert EinsteinMarianna LongaSola kommuneLuciano PavarottiMariann Vestbøstad MarthinsenAnni-Frid LyngstadJens BreivikKvam heradMarokkoI'm Still StandingKarikaturFenomenologiHavørnIf I Were SorryTrípoli i HellasEiffeltårnetSexyMPeter Wessel Tordenskjold🡆 More