Den Store Bjørnen

Den store bjørnen (frå latin Ursa major) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.

Den store bjørnen
Den store bjørnen
Den store bjørnen
Latinsk namn Ursa major
Forkorting UMa
Genitivsform Ursae Majoris
Symbologi Urgammalt, moglegvis det eldste namnet
Rektasensjon 10,67 h
Deklinasjon 55,38°
Areal 1280 kvadratgrader
nr. 3 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
6
Sterkaste stjerne Alioth (ε UMa) (1,76. mag.)
Meteorsvermar
  • Alpha Ursa Majoridane
  • Leonidane-Ursidane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −30°

Namnet

Bjørnenamnet kan sporast tilbake til mange kulturar verda rundt, frå indianarane i Nord-Amerika til indarane i India.

Det samiske namnet på stjernebiletet er Dávggát, stom tyder «bogane». Dette syner til myta om Gállábártnit eller Orions belte, som jaktar på himmelelgen Sarva. Dersom dei nokon gong får skote Elgen, vil alle stjernene falle ned på jorda og verda går under.

Karlsvogna

Karlsvogna er ein asterisme (ein mindre del av eit stjernebilde) som høyrer til Den store bjørnen. Asterismen er danna av dei sju mest lyssterke stjernene i Den store bjørnen. Ei rett linje gjennom «bakhjula» (Merak-Dubhe), forlenga fem gonger avstanden til hjula mot nord, treff Polarstjerna. Ei rett linje frå Megrez gjennom Polarstjerna treffer Schedar i den karakteristiske W-en i stjernebiletet Kassiopeia (som står omtrent like langt frå Polarstjerna som Karlsvogna), og vert denne forlenga vidare, går han tett forbi dei to bakarste stjernene i Pegasus-firkanten og skjer himmelekvator nær vårjamdøgnspunktet. Den krumme vognstanga forlenga sørover treffer først Arcturus i Bjørnepassaren og seinare Spica i Jomfrua.

Omgrepet vogn er ålment kjent i fleire språk. Forklaringa av førsteleddet Karl (norrønt, 'mann') er omstridd, men kan henge saman med tilnamnet til guden Tor, Torekarl. Det kan òg sjåast i samanheng med eit liknande mindre stjernebilete i Den vesle bjørnen som på norrønt heitt Kvennavagn, «Kvinnevogn».

Kjende objekt

Den Store Bjørnen 
Stjernebiletet Den store bjørnen slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Karlsvogna består av sju lyssterke stjerner og er eit av dei mest kjende bileta på himmelen. Desse stjernene er:

  • α Ursae Majoris eller Dubhe («bjørnen»), har storleiksklasse 1,79 og er den 35. mest lyssterke stjerna på himmelen og den nest mest lyssterke i Den store bjørnen.
  • β Ursae Majoris, eller Merak har ein storleiksklasse på 2,37.
  • γ Ursae Majoris eller Phecda har storleiksklasse på 2,44.
  • δ Ursae Majoris eller Megrez.
  • ε Ursae Majoris eller Alioth er den mest lyssterke stjerna i Den store bjørnen og den 33. mest lyssterke på himmelen med ein storleiksklasse på 1,76.
  • ζ Ursae Majoris eller Mizar er den fjerde mest lyssterke i stjernebiletet og ei kjend dobbeltstjerne, med den optiske kompanjongen Alcor (80 Ursae Majoris).
  • η Ursae Majoris, Alkaid eller Benetnash har storleiksklasse på 1,85 og er den tredje mest lyssterke i Den store bjørnen.

Utanom Dubhe og Alkaid (Eta Ursae Majoris), har stjernene i Karlsvogna same eigenrørsle mot eit felles punkt i Skytten.

Merak og Dubhe er nyttige til å finne Polaris eller Nordstjerna. Ved å trekkje ei linje mellom dei to, vil den vidare linja treffe Polaris og syne retninga mot nord.

W Ursae Majoris er prototypen på ein klasse kontakt- og variable stjerner, og varierer mellom 7,75m og 8,48m.

47 Ursae Majoris er ei sol-liknande stjerne med tre planetar. 47 Ursae Majoris b, vart oppdaga i 1996, og går i bane kvar 1078 dagar med ein masse som er 2,53 gonger så stor som Jupiter. 47 Ursae Majoris c, oppdaga i 2001, nyttar 2391 dagar på ein bane rundt stjerna og er 0,54 gonger massen til Jupiter. 47 Ursae Majoris d, vart oppdaga i 2010, og har ein uviss periode, mellom 8907 og 19097 dagar. Massen er 1,64 gonger massen til Jupiter. Stjerna har storleiksklasse 5,0 og ligg kring 46 lysår frå jorda.

Stjerna TYC 3429-697-1 er blitt rekna som statsstjerna til Delaware, og vert uformelt kalla Delawarediamanten.

Djupromsobjekt

Det finst fleire galaksar i Den store bjørnen, inkludert Messier 81 (ein av dei mest lyssterke galaksane på himmelen) og Messier 82, Spinneteingalaksen (M101), ein spiral nordaust for η Ursae Majoris. Spiralgalaksane Messier 108 og Messier 109 ligg òg i dette stjernebiletet. Den lyssterke planetariske tåka Ugletåka (M97) ligg langs botnen av Karlsvogna.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Den Store Bjørnen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Den store bjørnen


Tags:

Den Store Bjørnen NamnetDen Store Bjørnen KarlsvognaDen Store Bjørnen Kjende objektDen Store Bjørnen KjelderDen Store Bjørnen BakgrunnsstoffDen Store BjørnenHimmelkvelvingaLatinStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HinduismenEin fin liten blomeMusvåkEtikkCanterbury sceneHandball-VM 2013 for kvinnerBeltegrader i judoRubjerg Knude FyrLipsíZazaiskNéa ZíkhniGuangzhouKrokketK2Oslo kommuneTokyoTidlegare kommunevåpen i NoregHar SedomEurovision Song Contest 2012Wiki CommonsNordahl GriegFrode VikenFaryngittM.I.A.ÅborMarit BjørgenHelena BrodtkorbKonservatismeMauritaniaEnglandDet nederlandske kvinnelandslaget i fotballTidssoneJordaBritiske monarkarHotel CaliforniaArve OpsahlArménioStoreggarasetHelgolandPåskekrimAlbumet That'll Be the DayØresundbruaVériaHjortetakksaltGiant's CausewayNaruhito av JapanSigvart DagslandQuestions 67 and 68TetovoDen industrielle revolusjonenLeonid BrezjnevKurveLiv Grete SkjelbreidÅge AleksandersenPåskeprosesjonAndAbkhasiaMosesMurmanskImathíaMatt McGinnAustraliaRomeo and Juliet av Dire StraitsAlfons XIIIJungfraujochHønsehaukGet Lucky av Mark KnopflerYDavid KnopflerRhinenApeEuphoria av LoreenSalhus🡆 More