Den Vesle Bjørnen

Den vesle bjørnen (frå latin Ursa minor) er eit stjernebilde i senit på den nordlege himmelhalvkula.

Det var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Ursa Minor er kjend som staden der den nordlege himmelpolen, men dette vil ein gong endre seg på grunn av presesjonen til ekvinoks.

Vesle bjørn
Vesle bjørn
Vesle bjørn
Latinsk namn Ursa Minor
Forkorting UMi
Genitivsform Ursae Minoris
Symbologi Frå grekaren Aratos
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon 70°
Areal 256 kvadratgrader
nr. 56 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Polaris (2,02. mag.)
Meteorsvermar
  • Ursidane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10°

Polaris, den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, er ei gulkvit superkjempe og den mest lyssterke kefeiden (variabel stjerne) som varierer frå tilsynelatande storleik 1,97 til 2,00. Beta Ursae Minoris er berre litt mindre lyssvak med ein tilsynelatande storleik 2,08. Ho vert òg kalla Kochab og er ei oransje kjempestjerne, 16 grader frå Polaris. Fire stjernesystem i stjernebiletet har kjende planetar.

Karakteristikk

Den vesle bjørnen er det nordlegaste stjernebiletet. Det grensar til Sjiraffen i vest, Draken i vest ogKefeus i aust. Det dekkjer 256 kvadratgrader og er rangert som det 56. største av dei 88 stjernebileta.

Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930. Den nordlege plasseringa gjer at heile biletetet berre er synleg for folk på den nordlege halvkula.

Kjende objekt

Den Vesle Bjørnen 
Stjernebiletet Ursa Minor slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Polaris, eller Alfa Ursae Minoris er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, og varierer i tilsynelatande storleik mellom 1,97 og 2,00 over ein periode på 3,97 dagar. Ho ligg kring 432 lysår frå jorda, er ei gulkvit superkjempe som varierer mellom spektralklassane F7Ib og F8Ib, og har ein masse som er kring seks gonger så stor som sola, ein radius som er 45 gonger så stor og ein lysstyrke som er 45 000 gonger så sterk. Polaris er den mest lyssterke kefeiden sett frå jorda. Det er eit trippelt stjernesystem og superkjempa har to gulkvite hovudseriestjerner kring seg i ein avstand på 17 og 2400 AU og med ei omlaupstid på 29,6 og 42 000 år.

Beta Ursae Minoris, tradisjonelt kalla Kochab, er berre litt mindre lyssvak enn Polaris med tilsynelatande storleik 2,08. Ho ligg kring 131 lysår frå jorda, og er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III. Ho er noko variabel med ein periode på 4,6 dagar, og har ein masse som er estimert til 1,3 gonger sola sin. Kochab er 450 gonger meir lyssterk enn sola og har ein diameter som er 42 gonger så stor, med ein overflatetemperatur på kring 4130 K. Ho er estimert å vere kring 2,95 milliardar år gammal, pluss eller minus 1 milliard år. Kochab har ein planet som er kring 6,1 gonger så massiv som Jupiter med ein bane på 522 dagar.

Gamma Ursae Minoris, tradisjonelt kalla Pherkad, har ein tilsynelatande storleik som varierer mellom 3,04 og 3,09 omtrent kvar 3,4 timar. Ho er ei kvit lyssterk kjempe med spektralklasse A3II-III, med kring 4,8 gonger solmassen, 1050 gonger lysstyrken og 15 gonger radiusen. Pherkad høyrer til ein klasse stjerner kalla Delta Scuti-variabel—pulserande stjerner med kort periode (maks seks timar) som har blitt nytta som standardlyskjelde og vert studert innan astroseismologi. Eit anna mogeleg medlem av denne klassen er Zeta Ursae Minoris, ei kvit stjerne med spektralklasse A3V, som har byrja å bli avkjølt, utvide seg og auke lysstyrken. Ho har truleg vore ei B3 hovudseriestjerne og er no noko variabel. Med ein storleik på 4,95 finn ein Eta Ursae Minoris. Ho er ei hovudseriestjerne klasse F med spektralklasse F5V, 97 lysår unna. Ho er dobbel så stor som sola og 1,4 gonger så massig, og skin med ein lysstyrke som er 7,4 gonger så sterk. Nær Zeta ligg Theta Ursae Minoris med storleiksklasse 5,00. Ho ligg kring 860 lysår unna, og er ei oransje kjempe med spektralklasse K5III som har utvida seg og avkjølt seg bort frå hovudserien. Ho har ein estimert diameter som er kring 4,8 gonger sola sin.

Delta og Epsilon Ursae Majoris ligg 3,5 grader frå himmelnordpolen. Delta er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A1V og eintilsynelatande storleik på 4,35, kring 172 lysår frå jorda. Ho er òg kjend som Yildun, og har ein diameter som er kring 2,8 gonger så stor som og ein lysstyrke som er 47 gonger så sterk som sola. Epsilon Ursae Minoris er eit trippeltsystem som samla har ein storleiksklasse 4.22. Primærstjerna er ei gul kjempe med spektralklasse G5III, ein RS Canum Venaticorum-variabel. Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne, med ei følgjestjerne som ligg 0,36 AU unna, og ei tredje stjerne, ei oransje hovudseriestjerne med spektralklasse K0—8100 AU unna.

Nær Polaris ligg Lambda Ursae Minoris, ei raud kjempe med spektralklasse M1III. Ho er ein halvregulær variabel med storleiksklasse som varierer frå 6,35 til 6,45. RR Ursae Minoris er ei raud kjempe med spektralklasse M5III som òg er ein halvregulær variabel med storleiksklasse frå 4,44 til 4,85 over ein periode på 43,3 dagar. T Ursae Minoris er ei anna raud kjempe som er variabel stjerne. Ho var tidlegare ein Mira-variabel som no er blitt ein halvregulær variabel. Ein trur at stjerna har gått gjennom eit helimglimt - eit punkt der heliumskalet rundt stjerna har nådd ein kritisk masse og tatt fyr. Det skjedde i 1979. Z Ursae Minoris er ei lyssvak variabel stjerne som brått falt 6 storleiksklassar i 1992 og var identifisert som ein sjeldan stjerneklasse—R Coronae Borealis-variabel. RW Ursae Minoris er ein is kataklysmisk variabel som lyste opp som ein nova i 1956, og nådde storleiksklasse 6. I 2003 var ho framleis to storleiksklassar over det ho pleidde å vere, og vert svekka med ein rate på 0,02 storleiksklassar i året. Avstanden er blitt kalkulert til 5000 ± 800 parsec (16 300 lysår), som gjer at ho ligg i den galaktiske haloen.

Calvera er namnet på ei røntgenkjelde kjend som 1RXS J141256.0+792204 i ROSAT All-Sky Survey Bright Source Catalog (RASS/BSC). Ho har blitt identifisert som ei isolert nøytronstjerne, ei av dei næraste av av sitt slag til jorda.

I tillegg til Kochab har ein funne ytterlegare tre stjernesystem med planetar. 11 Ursae Minoris er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III kring 1,8 gonger så massiv som sola. Ho er kring 1,5 milliardar år gammal, og har blitt avkjølt og utvida seg sidan ho var ei hovudseriestjerne klasse A. Ho ligg kring 390 lysår unna, og skin med ein tilsynelatande storleik på 5,04. Ein planet med 11 gonger massen til Jupiter vart oppdaga rundt stjerna med ein periode på 516 dagar i 2009. HD 120084 er ei anna utvikla stjerne, ei gul kjempe med spektralklasse G7III, kring 2,4 gonger massen til sola. Ho har ein planet 4,5 gonger massen til Jupiter med ein av dei mest eksentriske planetbanane (med ein eksentrisitet på 0,66). Denne vart oppdaga i 2013. HD 150706 er ei solliknande stjerne med spektralklasse G0V kring 89 lysår unna solsystemet vårt. Tidlegare trudde ein denne hadde ein planet like massiv som Jupiter i ein avstand på 0,6 AU, men dette vart så avvist i 2007. I 2012 viste det seg at ho hadde ein planet likevel, kring 2,7 gonger så massiv som Jupiter i ein bane som tar 16 år og er 6,8 AU frå sola si.

Djupromsobjekt

Den vesle bjørnen har heller få djupromsobjekt. Eit kjent objekt er Den vesle bjørnen-dverggalaksen, ein dverggalakse, som ligg i stjernebiletet.

Meteorsverm

Ursidane er ei meteorsverm som stråler ut frå Den vesle bjørnen med ein topp mellom 18. og 25. desember. Opphavet til svermen er kometen 8P/Tuttle.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Den Vesle Bjørnen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Den vesle bjørnen

Tags:

Den Vesle Bjørnen KarakteristikkDen Vesle Bjørnen Kjende objektDen Vesle Bjørnen KjelderDen Vesle Bjørnen BakgrunnsstoffDen Vesle BjørnenHimmelkvelvingaKlaudios PtolemaiosLatinSenitStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

El NiñoAsh Sharqiyah-regionen i OmanEllipsoideHellas i antikkenElektrisk kraft23. aprilIltalehtiArabiskBukspyttkjertelenAstrid LindgrenKjeleelvtindenLagerthaKjerringa med stavenAndSigmund FreudDen gamle verdaForvandlingaKoparGrønWehrmachtBrunAluminiumOverarmsbeinNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973VierslektaGorgopótamosSildekongeBjørnøyaAkhelóos i KardítsaDen norske språkstridenSamuel MassieRotteJerpeKrøllparentesCupheadPannemerke i hinduismenMetéoraJournalistikkAndre verdskrigenElon MuskNyttårDen raude plassenBokmålSjøkrepsDieze1. divisjon fotball for mennHjortPåhengsmotorJonas Gahr StøreAbdusamet YigitInternasjonalenSpesifikk varmekapasitetIngvild KjerkolPetter SalstenMetéora i TríkalaDen kalde krigenAsker kommuneAust-ArjithéaEDas KapitalWikimediaCarl LarssonRussisk litteraturAudrey HorneOslo kommuneMarcus & Martinus🡆 More