Raude kjemper er stjerner som har brent opp hydrogenet i kjernen og har starta med å brenna hydrogen i eit skal utanfor.
Som ein konsekvens av dette utvider stjerneatmosfæren seg, og den effektive temperaturen til atmosfæren søkk til mellom 2000 og 4000 K, slik at stjerna no framstår raudaktig.
Raude kjemper har spektralklasse K og M og ligg oppe til høgre i Hertzsprung-Russell-diagrammet. Dei har diametrar ti til 1000 gonger diameteren til sola. Stjernene Arcturus og Aldebaran er døme på raude kjemper.
Raude kjemper er ofte variable stjerner, med saktepulserande overflatelag. Grunna dei store radiusane til raude kjemper, fell tyngdekrafta mykje i dei ytre laga, slik at stjernevind tek med seg mykje materiale og kan danna planetariske tåker.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Raud kjempe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.