Gravstikka

Gravstikka, ofte kalla Meiselen (frå latin Caelum), er eit lyssvakt stjernebilete på den sørlege himmelhalvkula, innført i 1750-åra av Nicolas Louis de Lacaille.

Det er det åttande minste stjernebiletet.

Gravstikka (Meiselen)
Gravstikka (Meiselen)
Gravstikka (Meiselen)
Latinsk namn Caelum
Forkorting Cae
Genitivsform Caeli
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon −40°
Areal 125 kvadratgrader
nr. 81 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne α Cae (4,45. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +40° og −90°

Sidan det er lite og ligg utanom planet til Mjølkevegen, er Gravstikka eit heller nakent stjernebilete, med få interessante objekt. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Caeli, har berre storleik 4,45, og den einaste andre stjerna (Gamma1 Caeli) er rundt storleik 5. Andre kjende objekt i Gravstikka er RR Caeli, ei dobbeltstjerne med ein planet kring 65,7 lysår unna. X Caeli er ein Delta Scuti-variabel som dannar ei optisk dobbeltstjerne med Gamma1 Caeli, og HE0450-2958, ein Seyfert-galakse.

Karakteristikk

Gravstikka grensar til Gullfisken og Staffeliet i sør, Uret og Floda i aust, Haren i nord, og Dua i vest. Det dekkjer berre 125 kvadratgrader, og er rangert som det 81. største av dei 88 moderne stjernebileta. Det er berre tydeleg på den sørlege himmelen under den sørlege sommaren, og heile stjernebiletet er synleg i delar av året for observatørar sør for breiddegrad 41 °N.

Kjende objekt

Gravstikka 
Stjernebiletet Gravstikka slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Gravstikka er eit lyssvakt stjernebilete, og har ingen stjerner lysare enn fjerde storleik og berre to som er meir lyssterk enn femte storleiksgrad. Lacaille gav seks stjerner Bayernemning, og kalla dei Alfa til Zeta i 1756, men hoppa over Epsilon og gav to nærliggande stjerner nemninga Gamma. Gravstikka er for langt sør til at nokre av stjernene har Flamsteednemning.

Den mest lyssterke stjerna, Alfa Caeli, er ei dobbeltstjerne, med ei hovudseriestjerne klasse F med storleik 4,45 og ein raud dverg med storleik 12,5, 65,8 lysår frå jorda. Beta Caeli er ei anna klasse F-stjerne med storleik 5,05, 93,5 lysår unna jorda. Beta Caeli er ei subkjempe, som har utvikla seg noko bort frå hovudserien. Delta Caeli, har òg storleiksklasse 5.05, og er ei klasse B subkjempe og mykje lenger unna jorda, 700 lysår.

Gamma1 Caeli er ei optisk dobbeltstjerne med ei raud kjempe som primærstjerne med storleiksklasse 4,58 og ei sekundærstjerne med storleiksklasse 8,1. Primærstjerna ligg 181,3 lysår frå jorda. Dei tok komponentane er vanskelege å skilje frå kvarandre, fordi dei ligg så tett. Dette stjernesystemet dannar ei optisk dobbeltstjerne med X Caeli (Gamma2 Caeli), ein Delta Scuti-variabel som ligg 320,7 lysår frå jorda. Desse er ein klasse kortperiodiske (seks timar på det meste) pulserande stjerner som har blitt nytta som standardlyskjelde og som forskingsobjekt i astroseismologi. X Caeli i seg sjølv er ei dobbeltstjerne, ei kontaktstjerne, som tyder at stjernene er så nær kvarandre at dei deler envelopar. Den einaste andre variable stjerna i Gravstikka ein kan sjå med det nakjne auga er RV Caeli, ei pulserande raud kjempe med spektralklasse M1III, som varierer mellom storleiksklassane 6,44 og 6,56.

Nu Caeli er ei anna dobbeltstjerne, ei kvit kjempe med storleiksklasse 6,07 og ei stjerne med storleiklasse 10,66 og ukjend spektralklasse. Systemet ligg 171 lysår unna. Lambda Caeli, har storleiksklasse 6,24, og er langt raudare og lengre unna, ei raud kjempe som ligg kring 740 lysår frå jorda. Zeta Caeli er enno svakare, med ein storleiksklasse 6,36. Denne stjerna ligg 430 lysår unna og er ei subkjempe klasse K med spektralklasse K1.

Gravstikka 
Seyfert-galaksen HE0450-2958, ein uvanleg aktiv galakse i Gravstikka.

Ei av dei mest nærliggande stjernene i Gravstikka er den førmørkande dobbeltstjerna RR Caeli, som ligg 65,7 lysår unna. Dette stjernesystemet består av ein lyssvak raud dverg og ein kvit dverg. Trass i at dei ligg nærme jorda, er den tilsynelatande storleiken berre 14,40 og er ikkje enkle å sjå i amatørteleskop. I 2012 fann ein at systemat har ein kjempeplanet, og ein har funne spor etter eit anna objekt som er mindre enn ei stjerne. Systemet var tidlegare ei kontaktstjerne og mistar vinkelmoment over tid, som etter kvart vil føre til masseoverføring frå den raude til den kvite dvergen. Mellom 9 til 20 milliardar år frå no, vil dette systemet bli ein kataklysmisk variabel.

Djupromsobjekt

Sidan stjernebiletet er lite og ligg unna planet til Mjølkevegen, har Gravstikka heller få djupromsobjekt, og har ingen Messier-objekt. Det einaste djupromsobjektet i Gravstikka som har fått merksemd er HE0450-2958, ein uvanleg Seyfert-galakse. Opphavleg var opphavsgalaksen til jetten vanskeleg å finne, og jetten verka å stråle ut frå ingenting. Det har blitt foreslått at objektet er eit ejisert supermassivt svart hòl, men ein er no samde om at det er ein liten galakse som er vanskeleg å sjå på grunn av lyset til jetten og ein nærliggande starburstgalakse.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Gravstikka  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Gravstikka

Tags:

Gravstikka KarakteristikkGravstikka Kjende objektGravstikka KjelderGravstikka BakgrunnsstoffGravstikkaHimmelkvelvingaLatinNicolas Louis de LacailleStjernebilete

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LímnosDavid Ben-GurionDen sahrawiske arabiske demokratiske republikken1450AdenbuktaSimpsonsKristopher SchauFinlandHeine T. BakkeidUTCDanmarkSaint-DizierHovdyrDet japanske herrelandslaget i fotballGrenadaNato-alfabetet9. juniBangladeshPyramidekabalHina Rabbani KharDen generelle relativitetsteorienFlash Gordon av QueenI Fought the LawBananRichard Wright (1908-1960)NordsjøenSuezkanalenSkandinaviaViktor OrbánBølgjebrytingIsrael14. desemberKelly ClarksonUndergrunnsbanen i LondonBetongMads HansenFredrik IX av DanmarkEkvatorKommunismeC SharpEmmylou HarrisSenterpartietMeisefamilienHarry PotterKokosøyaEncyclopædia BritannicaMaybe BabyBritiske monarkarLydopptakKrokketDaddelBolsjevikLeksikonHerpes simplexvirusBjørnøyaSt. PetersburgStatueFjols til fjellsChileErteblomefamilienLāsma KaunisteCanadaSlaget ved RossbachTidslinje over norsk historieLohengrin sjokoladeEngelsk1799Gustav VI Adolf av SverigeAdolf HitlerAlbumet That'll Be the DayExtendedancEPlayGjærRådyrMakedonskSlaget ved WienEPA-traktor🡆 More