Seyfert-galaksar er ein type aktiv galaksekjerne kjenneteikna ved ein stjerneliknande kjerne og emisjonslinjer frå høg-ionisert materiale med stor fart.
Typen blei først identifisert av astronomen Carl Keenan Seyfert.
Seyfert-galaksar finst for det meste i tidlege spiralgalaksar (S0, Sa, Sb). Av Seyfert-galaksane finst det to undertypar; type 1 og type 2. Type 1 har spektrum som liknar på kvasarar og emisjonslinjene frå hydrogen (balmerlinjene) er mykje breiare enn andre emisjonslinjer. I spektrum frå type 2 er breidda på emisjonslinjene meir den same. Det er teorisert at type 2 er type 1 som blir sett gjennom gøymande materiale, og målingar av polarisering støttar opp om dette.
Den mest populære modellen for opphavet til Seyfert-galaksar er sentrale svarte hòl.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Seyfert-galakse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.