Kvite dvergar er stjerner som er samansette av degenerert materie.
Sidan kvite dvergar har ein masse liknande sola og volum liknande jorda har dei ein høg tettleik. Deira svake luminositet kjem av lagra termisk energi generert av fusjonsprossar før stjerna blei ein kvit dverg. Kvite dvergar utgjer omtrent 6 % av alle kjende stjerner i solsystemet sitt nabolag.
Ein reknar med at kvite dvergar er det siste stadiet i stjerneutviklinga for stjerner med ein masse under ei viss grensa; meir enn 97 % av alle stjernene i galaksen. Etter at ei stjerna har kasta av seg lag på lag med materie og danna ei planetarisk tåka er den kvite dvergen det einaste restproduktet som er att av den opphavlege stjerna. I løpet av milliardar av år vil den kvite dvergen nå den teoretiske tilstanden svart dverg. Då har den kvite dvergen vorte so avkjøla at han ikkje lengre sender ut særlege mengder av elektromagnetisk stråling. Tilstanden er teoretisk då det vil ta rundt 10 billionar år før dvergen har vorte avkjøla nok, medan alderen til universet er på rundt 13,7 milliardar år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kvit dverg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.