Planetariske tåker er emisjonståker som blir danna når stjerner med nokre solmassar kastar av seg dei ytre laga av plasma medan dei døyr.
Atoma i tåka blir ioniserte av den sterke strålinga frå stjerna i midten som er ein kvit dverg. Når iona tek opp att elektron blir det sendt ut lys som resulterer i den synlege tåka.
Planetariske tåker ekspanderer medan den sentrale stjerna blir svakare og er difor kortvarige; ein reknar med at levetida kan målast i titusenar av år.
Namnet kjem av at mange planetariske tåker kunne sjå ut som planetar i teleskopa på 1700-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Planetarisk tåke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.