Arcturus (α Boo, α Boötis, Alfa Boötis) er den mest lyssterke stjerna på den nordlege himmelhalvkula og ligg i stjernebiletet Bjørnepassaren.
Med ein visuell storleikeklasse på −0.05, er han den fjerde mest lyssterke stjerna på nattehimmelen, etter Sirius, Canopus, og Alpha Centauri. Ho ligg relativt nær jorda, berre 36,7 lysår unna, og er i lag med Vega og Sirius, ei av dei mest lyssterke av dei solnære stjernene.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Bjørnepassaren |
Rektascensjon | 14h 15m 39.7s |
Deklinasjon | +19° 10′ 56″ |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | −0.05 |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | K0 III |
Tilsynelatande storleiksklasse (J) | −2.25 |
U−B fargeindeks | +1.28 |
B−V fargeindeks | +1.23 |
R−I fargeindeks | +0.65 |
Merk (kategori: variabilitet): | H- og K-stråling varierer |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | −5.19 km/s |
Eigarørsle (μ) | RA: −1 093.45 mas/år Dek.: −1 999.40 mas/år |
Parallakse (π) | 88.83 ± 0.54 mas |
Avstand | 36,7 ± 0,2 ly (11,26 ± 0,07 pc) |
Detaljar | |
Masse | 1.08±0.06 M☉ |
Radius | 25.4±0.2 R☉ |
Luminositet | 170 L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 1.66±0.05 cgs |
Temperatur | 4 286±30 K |
Metallisitet [Fe/H] | −0.52±0.04 dex |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 2.4±1.0 km/s |
Alder | 7.1+1.5−1.2 mrd. år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Arcturus er ein klasse K0 III oransje kjempe, med ein absolutt storleiksklasse på −0,30. Ho har truleg brukt opp hydrogenet sitt frå kjernen og er no i den aktive fasen der ho brenn hydrogen i det ytre skalet. Ho vil fortsette å utvide seg i tida framover.
Det samiske namnet på stjerna er Fávdna. I følgje ei gammal segn jaktar Fávdna på Sarva, himmelelgen. Våpenet til Fávdna er ein boge, Fávnnadávgi, som er stjernebildet Dávggat eller Karlsvogna.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arcturus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.