Haugtussa

Haugtussa er eit diktverk av Arne Garborg som først kom ut i 1895.

Hovudpersonen i diktverket er gjetarjenta Veslemøy. Ho ferdest i naturen på Jæren, og mykje av verket gjev ei skildring av livet der. Veslemøy er skildra som synsk, med ei evne til å sjå mørkemaktene. Veslemøy får kjærleik til guten Jon, men vert sviken. Verket vert etterfølgd av diktsamlinga I Helheim.

Haugtussa
Gerd Elin Birkeland som Veslemøy på Knudaheio i 2011.

Formalt er Haugtussa ein tradisjonell diktsyklus, bygt på rim og fast rytme; innhaldsmessig vert teksten rekna til nyromantikken. Versa er dikta over salmemelodiar, regler, stev og folkeviser, og mange av dei er blitt populære viser. Både Edvard Grieg, Ketil Bjørnstad og Kenneth Sivertsen har skrive musikk til Haugtussa, eit av dei mest adapterte verka i den norske bokheimen.[treng kjelde] Den kanskje mest kjende einskildsongen er «Sporven», komponert av Catharinus Elling. Blant dei som har illustrert verket er målaren Håkon Bleken. Det er blitt sett opp som teater og ballett, og i 2015 var det urpremiere på Ole Karsten Sundlisæter sin opera Haugtussa i Helheim.

Forteljinga

Gislaug eller Veslemøy lever i lag med mor si i ei stove på Jæren. Ho har hatt to søstrer, den eine er daud, den andre har flytta til byen, truleg Stavanger, der ho driv gatelangs som prostituert. Veslemøy er skildra som ei jente med rik fantasi og forteljarevne, og ungdomen flokkar seg om henne for å høyre soger.

Ei natt kjem den daude søstera hennar til henne i eit syn, og gir henne eit val: Om ho vil ta ved den gåva å sjå det andre ikkje ser. Ho vel å ta gåva, med orda: «Heller vil eg med augo sjå, enn dauv og blind gjennom verdi gå». Frå då av er ho kalla «Haugtussa», av di ho ser dei underjordiske. Samstundes blir ho meir einsam enn før.

Veslemøy huglegg guten Jon ifrå Skarabråtet, men Bergekongen er òg etter henne, og byd Veslemøy alt godt om ho fer med han inn i berget. Veslemøy nektar, og fer ein sommar i lag med Jon. Seinare syner det seg at Jon er trulova med «megga på Ås», ei storgardsjente. Veslemøy er berre husmannsjente og kan ikkje få Jon. Frå då av freistar mørkemaktene henne til å trolle vondt på Jon, men ho lét vera.

Mot slutten av Haugtussa kjem søstera att til henne og fortel at ho skal få fara med henne til Helheim, «og gjennom redsle læra, det verk du hev å gjera».

I Helheim

I denne samlinga går Garborg meir inn på samfunnskritikk, og Veslemøy møter gamle jotnar frå førkristen tid, og får sjå alle djevlane og pinslene. Ferda ho gjer, vert leidd av ei volve, som fortel henne kva ho får sjå. Diktverket er på mange vis skyldt Dantes verk Divina Commedia.

Verket sluttar, som Draumkvedet, med at Veslemøy kjem attende til dei levande. I den ytre handlinga har ho sove i to veker i strekk. Frå då av vert Veslemøy fri for synene, men er no eit av dei klokaste kvenda i bygda. Ho går som ei from kristen livet ut, og vinn namnet Vismøy. Ho forsonar seg med jenta som gifta seg med Jon, etter at han er daud, og ho endar som ei gamal, klok kone.

Bakgrunnsstoff

Haugtussa  HaugtussaWikikilden (frie originaltekstar)
Haugtussa  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Haugtussa

Tags:

1895Arne GarborgDiktGjetarjenteJærenKjærleikVeslemøy

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TsjekkiaCotopaxiTrymskvidaHundWilliam OrpenStrilAlaskaLiverpool FCDet britiske riksvåpenetInformasjonskapselGåsGeorg Wilhelm Friedrich HegelIrakDeAnna PriceKolonialhandelPakistanHillary ClintonGrenadaAmasoneLilletveitAusterrikeRagnhild BrochmannTeltKristoffer ColumbusVestleg kampkunstNorskRingdrottenElvis PresleyInnsjøar i SverigeBon Iver, Bon IverJacob Tullin ThamsROBEKMariann Vestbøstad MarthinsenEkstremvêret FrodeDrinfossenMidsommarParasittologiNato-alfabetetCasanova av SupergruppaIngvild KjerkolVM i friidrett 2022Teikneserie1900-taletBiologisk familieGoogleAntarktisTsjasiv JarSunndalsøraMolde kommuneGrunnstoffliste etter atomnummerPandaParadise and LunchSnaptunsteinen22. aprilA Collection of Great Dance SongsLønnLuftfartøyEdderkoppar i kulturenBrennverdiVigselØTangentKelly ClarksonHumlerJonas LieBruno CoutinhoMatematikarGiroEddiksyreFranz LisztForelskingHaiku🡆 More