Gaupa (frå latin Lynx) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.
Det vart introdusert på 1600-talet av Johannes Hevelius. Det er eit lyssvakt stjernebielte og dei mest lyssterke stjernene dannar ei sikksakk-linje.
Gaupa | |
---|---|
Latinsk namn | Lynx |
Forkorting | Lyn |
Genitivsform | Lyncis |
Symbologi | Namngitt av Hevelius |
Rektasensjon | 8 h |
Deklinasjon | −35° |
Areal | 545 kvadratgrader nr. 28 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 | 0 |
Sterkaste stjerne | α Lyn (3,13 (variabel). mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde | |
Synleg mellom breiddegradane +90° og −?° | |
Den einaste namnsette stjerna i dette stjernebiletet er Alsciaukat (frå arabisk for torn), òg kjend som 31 Lyncis, eller κ Lyncis.
Det mest kjende djupromsobjektet i Gaupa er NGC 2419, òg kalla «Den intergalaktiske vandraren», ein kulehop som er den mest fjerntliggande av sitt slag, 300 000 lysår frå jorda. Det er truleg at NGC 2419 går i ein særs elliptisk bane kring Mjølkevegen. Han har storleiksklasse 10,3 og er ein hop av Shapley-klasse II. Denne klassen er ekstremt konsentrert i sentrum. NGC 2419 vart oppdaga som ein kulehop av Carl Lampland.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gaupa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.