Kusken (frå latin Auriga) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.
Kusken | |
---|---|
Latinsk namn | Auriga |
Forkorting | Aur |
Genitivsform | Aurigae |
Symbologi | Kusken |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | +40° |
Areal | 657 kvadratgrader nr. 21 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 | 4 |
Sterkaste stjerne | Capella (α Aur) (0,08. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde | |
Synleg mellom breiddegradane +90° og −40° | |
Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart nemnt av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Kusken er mest synleg om vinteren på den nordlege himmelhalvkula i lag med fem andre stjernebilete som har stjerner i Vintersekskanten. På grunn av den nordlege deklinasjonen er Kusken berre synleg så langt sør som 34° sør. Lenger sør ligg biletet heilt eller delvis under horisonten. Det er eit stort stjernebilete som dekkjer 657 kvadratgrader, halvparten av det største stjernebiletet, Vasslangen.
Den mest lyssterke stjerna, Capella, er eit uvanleg fleirstjernesystem som er av dei mest lyssterke på nattehimmelen. Beta Aurigae er ei interessant variabel stjerne i stjernebiletet, Epsilon Aurigae, ei nærliggande formørkande dobbelstjerne med ein uvanleg lang periode er to system som er blitt mykje studert. På grunn av plasseringa nær Mjølkevegen har Kusken mange lyse opne stjernehopar nær grensene, som M36, M37 og M38, alle populære mål for amatørastronomar. I tillegg ligg tåka IC 405, som er knytt til den variable stjerna AE Aurigae.
Den mest lyssterke stjerna i Kusken er Alfa Aurigae (Capella), som er ei G8III-klassestjerner (kjempe klasse G) 43 lysår unna og den sjette mest lyssterke stjerna på nattehimmelen med ein storleiksorden på 0,08.
Beta Aurigae (Menkalinan, Menkarlina) er ei lyssterk klasse A2IV-stjene (subkjempe klasse A).
Andre stjerner i systemet er Gamma Aurigae, no Beta Tauri (El Nath, Alnath), Iota Aurigae (Hasseleh eller Kabdhilinan), Delta Aurigae, den nordlegaste stjerna i Kusken, Lambda Aurigae (Al Hurr)
Det er så langt funne fem stjerner med planetsystem i Kusken.
Kusken har mange opne stjernehopar og andre lekamar, sidan Mjølkevegen går gjennom systemet. Dei tre mest lyssterke hopane er M36, M37 og M38, som alle er synlege i kikkert eller eit lite teleskop.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kusken, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.