Vasslangen

Vasslangen (frå latin Hydra) er eit stjernebilde hovudsakleg på den sørlege himmelhalvkula, nokre stjerner er rett nord for himmelekvator.

Vasslangen er det største av dei 88 moderne stjernebileta og måler 1303 kvadratgrader. Det er òg eit av dei lengste på over 100 grader, og sørenden grensar til Vekta og Kentauren og nordenden til Krepsen. Det har ei lang historie og er eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet.

Vasslangen
Vasslangen
Vasslangen
Latinsk namn Hydra
Forkorting Hya
Genitivsform Hydrae
Symbologi Tilbake til Babylon
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon −20°
Areal 1303 kvadratgrader
nr. 1 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Alphard (α Hya) (1,98. mag.)
Meteorsvermar

 

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +54° og −83°

Kjende objekt

Vasslangen 
Stjernebiletet Hydra slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Vasslangen strekkjer seg over ein fjerdedel av stjernehimmelen, men inneheld ingen særskild sterke stjerner.

  • α - Alphard (Alfa Hydrae) er ei oransje kjempestjerne med spektralklasse K3 II-III og storleiksklasse 1,97.
  • γ - Gamma Hydrae re nest mest lyssterk med magnitude 2,99. Ho er ei gul kjempe av spektralklasse G8 III
  • ζ - Zeta Hydrae er ei gul kjempestjerne av spektralklasse G9 II og magnitude 3,10.
  • β - Beta Hydrae er ikkje blant dei fem mest lyssterke stjernene, trass i Bayernemninga og har magnitude 4,28.
  • σ - Sigma Hydrae (Minchir) er ei oransje kjeme av spektralklasse K1 III og magnitude 4,44.
  • ε - Epsilon Hydrae er ei dobbeltstjerne med samla magnitude 3,38.
  • ν - Ny Hydrae er ei oransje kjempe med magnitud 3,12.
  • π - Pi Hydrae er ei oransje stjerne på veg til å bli ei kjempe, med spektralklasse K1 III-IV og magnitude 3,25.
  • δ - Delta Hydrae er ei dobbeltstjerne med magnitude 4,14.
  • W Hydrae er ei aldrande, raud kjempe med magnitude 7,7 som ligg 300 lysår unna. I 2014 oppdaga svenske forskarar det til no tydelgaste teiknet på vassdamp i tette skyer nær stjerna.

Djupromsobjekt

Vasslangen 
Den planetariske tåka Abell 33 med ESO sitt VLT-teleskop
Vasslangen 
Den planetariske tåka NGC 3242.

Stjernebilete har tre Messierobjekt og mange andre objekt av interesse.

Stjernehopar

  • Messier 48 (NGC 2548) er ein open stjernehop med magnitude 5,8, som er 300 millionar år gammal.
  • Messier 68 (NGC 4590) er ein kulehop på 33 600 lysår unna med magnitude 9,67.
  • NGC 5694 (Caldwell 66) er ein av dei eldste kulehopane ein kjenner til i Mjølkevegen. Han har magnitude 10,2.

Galaksar

  • Messier 83 (NGC 5236) er ei av dei nærmaste spiralgalaksane på stjernehimmelen. Ho ligg ein avstand på 14,7 millionar lysår og har magnitude 7,54. Ein har observert seks supernovaer i galaksen det siste hundreåret: SN 1923A, SN 1945B, SN 1950B, SN 1957D, SN 1968L og SN 1983N.
  • NGC 3054 og NGC 3314 er spiralgalaksar.
  • NGC 3621 er ein spiralgalakse med magnitude 10,0.
  • NGC 3923 er ein elliptisk galakse.
  • NGC 4980, NGC 5078 og ESO 510-G13 er spiralgalaksar.

Tåker

  • NGC 3242 (Caldwell 59) er ei planetarisk tåke med magnitude 8,60. Ho vert stundom kalla «Jupitergjenferdet» fordi ho liknar på planeten.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Vasslangen  Commons har multimedium som gjeld: Vasslangen

Tags:

Vasslangen Kjende objektVasslangen KjelderVasslangen BakgrunnsstoffVasslangenHimmelekvatorHimmelkvelvingaKentaurenKlaudios PtolemaiosKrepsenLatinStjernebileteVekta

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

BInnsjøar i Tyrkia79JugoslaviaOdinKumøkkKnut den mektigeSør-AmerikaTuzla (fleirtyding)FirenzeZevsGrønlandFærøyaneDen europeiske unionenTrude DrevlandDonauInflasjonJordaGolfTornstjertar53Amerikansk fotballSpektrogramNato-alfabetetFantasyMerseburgWiki CommonsLemmingStåle SolbakkenUnni EikesethMorten JentoftWienerklassisismenSnipefamilienJernMalwareWalesSevlidenMerzigT. RexTappelino431978Anna MunchBu6Solan GundersenOrrfuglThorbjørn BerntsenSigbjørn ObstfelderKreolMenneskeMasafueratornstjertRegnJapan1958Den finske vinterkrigenADer ingen skulle tru at nokon kunne buSpeleautomatRolandskvadetSOla Olsson SevleHebraiskCathinka GuldbergWikiJon AlmaasMonsunSesame StreetEpitelQTeokratiGenus1932GrevlingGuamNasjonalplantar🡆 More