Begeret

Begeret (frå latin Crater) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula.

I gresk mytologi vart det identifisert som begeret til guden Apollon. Det var eit av dei 48 stjernebileta som vart oppført av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det er lyssvakt og ingen av stjernene er sterkare enn tredje storleiksorden.

Begeret
Begeret
Begeret
Latinsk namn Crater
Forkorting Crt
Genitivsform Crateris
Symbologi myten om ramnen og Apollon
Rektasensjon 11 h
Deklinasjon −15°
Areal 282 kvadratgrader
nr. 53 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne δ Crt (3,57. mag.)
Meteorsvermar
  • Eta-crateridane
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +65° og −90°

Kjende objekt

Begeret 
Stjernebiletet Begeret slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Alfa Crateris, tradisjonelt kalla Alkes, er ei oransje kjempestjerne med storleiksorden 4,1, 174 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet tyder «begeret». Beta Crateris er ei blåkvit stjerne med storleiksorden 4,5, 266 lysår frå jorda. Gamma Crateris er ei dobbeltstjerne, der ein kan sjå dei to stjernene i små amatørteleskop. Hovustjerna er ei kvit stjerne med storleiksorden 4,1, 84 lysår frå jorda. Den andre har storleiksorden 9,6. Delta Crateris er den mest lyssterke stjerna i Begeret med storleiksorden 3,6. Ho ligg 195 lysår unna og er ei oransje kjempestjerne.

R Crateris er ein delvis-regulær variabel av type SRb og med spektralklasse M7. Ho har ein storleiksorden på 9,8-11,2 og ein optisk periode på 160 dagar.

SZ Crateris er ei variabel stjerne med storleiksorden 8,1. Det er eit nærliggande stjernesystem som ligg kring 44 lysår frå sola. Ho vert òg kalla Gliese 425, og tidlegare vart ho kalla Abt-stjerna.[treng kjelde]

Namngjevne stjerner

Bayer Namn Opphav Tyding
α Alkes Arabisk Namn på stjernebiletet
β Al Sharas Arabisk Ribbeinet

Djupromsobjekt

NGC 3511 er ein spiralgalakse med ein tynn arm, sett neste frå kanten, av type SBbc. Han høyrer til galaksehopen Abell 1060. Denne galaksen har storleiksorden 12, og er 4' × 1' i storleik.

NGC 3887 er ein spiralgalakse av type SBc, storleiksorden 11, med ein diameter på 3.5'.

NGC 3981 er ein spiralgalakse med to vide spiralarmar, av type SBbc. Han har storleiksorden 12 med ein diameter på 3'. Denne galaksen vart oppdaga av William Herschel i 1785.

RX J1131 er ein kvasar som ligg 6 milliardar lysår unna jorda. Det svarte holet i midten av kvasaren var det første svarte holet der ein har direkte målt spinnet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Begeret Kjende objektBegeret KjelderBegeret BakgrunnsstoffBegeretGresk mytologiGuden ApollonHimmelkvelvingaKlaudios PtolemaiosLatinStjernebileteTilsynelatande storleiksklasse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JannitsáNedbørTsjekkiaRiksveg 7AugestikkararRhinenDigital object identifierStord kommuneA Whiter Shade of PaleAlmopíaDag HammarskjöldLudwig van BeethovenMarina KiehlKattaUigurarParis29. juniI Feed You My LoveBjarte TjøstheimMarilyn MonroeDavid Ben-GurionMona LisaStoplesteinaneThe Big BopperJon FosseIndiaMoses20. aprilSigvart DagslandHalle BerryGet Lucky av Mark KnopflerGresk MakedoniaNy-CaledoniaRörstrands PorslinsfabrikMyggErik FollestadAlbumet Money for NothingEllen NikolaysenHarry PotterSigmaLundefuglTetovoPetter NorthugPet SoundsUndergrunnsbanen i LondonTjeldEurovision Song Contest 2012NazismeSunnhordlandske ord og vendingarLilla1998Påskeopprøret i 1916PåskeprosesjonJulie EgeLourdesGardasjøenDet nederlandske koloniriketStrilPåskeeggYFærøyaneПGrunnstoffJulenissenSovjetunionenSpeleautomat1965AnkaraFinancial TimesKhalkidónaLimpopoHavreLāsma KaunisteNordsjøen🡆 More