Opne stjernehopar (òg kalla galaktiske hopar) er grupper av stjerner laust bundne saman av gravitasjon.
Opne stjernehopar er mindre og meir lause i forma enn kulehopar, den andre typen av stjernehopar. Opne stjernehopar kan innehalda so få som eit titals stjerner, og sjeldan fleire enn nokre tusen. Til liks med dei fleste stjernehopar, blir opne stjernehopar danna ut av den same molekylskya, og alle medlemmane i hopen har difor same alder.
Nokre få stjernehopar har vore kjende sidan antikken, mellom anna Hyadane, Pleiadane og Praesepe (M44). Mange opne stjernehopar blei inkluderte i Messierkatalogen, og endå fleire i New General Catalogue (NGC).
Opne stjernehopar kan lett bli forstyrra i samansetnad av tidvasspåverknad frå galaksen dei ligg i og gjennom møte med interstellare skyer. Dei minste og lettast bundne opne stjernehopane lever ikkje lengre enn nokre få millionar år før dei går i oppløysning.
Opne stjernehopar er berre å finna i galakseskivene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Open stjernehop, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.