Guam (chamorro Guåhan) er ei øy i den vestlege delen av Stillehavet.
| |||||
Offisielle språk | Engelsk og chamorro | ||||
Hovudstad | Hagåtña | ||||
Styresett President Guvernør | Donald Trump (R) Lou Leon Guerrero (D) | ||||
Flatevidd - Totalt - Del vatn | 544 km² uviktig | ||||
Folketal (2016) - Tettleik | 162 742 299/km² | ||||
Valuta | US-dollar (USD) | ||||
Tidssone | UTC+10 | ||||
Nasjonalsong | «Fanohge Chamoru» | ||||
Internasjonal telefonkode | +1-671 | ||||
Øya høyrer offisielt til USA og er anerkjent som eit territorium. Hovudstaden er Hagåtña, tidlegare Agana. Dei innfødde øybuane er chamorroane som fyrst kom til øya for rundt 3 500 år sidan.
Øya ligg nær den internasjonale datolina.
Guam har kanskje verdas største tettleik av slangar, heile 2 000 slangar per km². Dette grunna utilsikta innføring av Boiga irregularis frå Filippinane. Denne slangen har drepe mesteparten av dei lokale fuglane.
Guam er kanskje den staden i verda som ein har størst sjanse for å bli råka av ein tropisk syklon. Mange bygningar er konstruert som bunkersar av betong for å kunne vare minst eit par år. Størst sjanse for tyfonar er det i den andre halvdelen av året. Om vinteren er klimaet typisk tropisk med ei regnbyge om lag annakvar dag. Øya får om lag 2500 mm kvart år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guam, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.