Den Europeiske Unionen: økonomisk og politisk union som består av 27 (hovudsakleg) europeiske medlemsland

Det europeiske flagget

Den europeiske unionen

Motto: In varietate concordia
(latin: Sameint i ulikskap)
Nasjonalsong: «An die Freude»
Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler
Offisielle språk Sjå dei offisielle språka til EU
Presidentskap for rådet for den Europeiske unionen Kypros
President for Europakommisjonen José Manuel Durão Barroso
President for Europaparlamentet Josep Borrell
Areal
 - Totalt
Rangering 8
3,892,685 km2 (EU 25)
Folketal
 - Totalt (2004)
 - Folketettleik
Rangering 3
453 300 000 (EU 25)
116,4 innb/km²
BNP (2004)
 - Totalt
 - Per capita
Rangering 2
€10,202,336,800,000
€22,300
Grunnlagd
Som EEC
 - Signering
 - Ikraftsett

Som EU
 - Signering
 - Ikraftsetting


Romapakten
 - 25. mars 1957
 - 1. januar 1958

Maastricht-traktaten
 - 7. februar 1992
 - 1. november 1993

Valuta Euro (EUR eller €)
Unionsdag 9. mai (Europadagen)
Tidssone UTC 0 til +2
Toppdomene .eu (i bruk frå 2005); andre nivå .eu.int i bruk

Den europeiske unionen (EU) er ein mellomstatleg organisasjon av europeiske statar. Den vart etablert etter ei underteikning av representatar frå De europeiske fellesskapene (EF) i byen Maastricht i Nederland, nemleg Maastricht-traktaten. Det juridiske grunnlaget i dag er Nice-traktaten, som vart gjeldande frå 1. mars 2003.

EU er den mektigaste regionalt avgrensa, mellomstatlege organisasjon ein kjenner i historia, og går attende til den tysk-franske kol- og stålunionen frå 1950. Leiande personar i dette miljøet var pådrivarar for ein politisk prosess som førte fram til Roma-traktaten som la det formelle grunnlaget for det fellesskapet som har utvikla seg til Den europeiske unionen.

Historie

Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler 

Organisasjonen vart grunnlagd under namnet Det europeiske kol- og stålfellesskapet. Tanken var at ein ved å samarbeide om desse nøkkelindustriane ville motiva for ein ny krig i Europa falle bort. Organisasjonen skifta namn til Det europeiske økonomiske fellesskapet. Namnet vart seinare endra til Det europeiske fellesskapet (EF), og sidan til Den europeiske unionen (EU).

I Noreg har det vore to folkeavstemmingar om landet skulle gå inn i EU. Både i 1972 og i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap.

Den europeiske unionen fekk i 2012 Nobels fredspris.

Organisering

Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler 
Frå Europaparlamentet i Strasbourg.

EU har fem institusjonar:

I tillegg kjem fem viktige organ:

  • Den økonomiske og sosiale komiteen
  • Regionskomiteen
  • Den europeiske sentralbanken
  • Den europeiske ombudsmannen
  • Den europeiske investeringsbanken

EUs tre søyler

EU byggjer på tre hovudområde, kalla søyler:

  • 1. søyle: Dei europeiske fellesskapa (overstatleg); omfattar tollunionen, landbruk, fiske og alt som går inn under den indre marknaden. Europakommisjonen førebur saker, set dei ut i livet når vedtak er gjort og overvakar at regelverket vert etterlevd i den enkelte medlemsstaten. EF-domstolen er øvste domsinstans.
  • 2. søyle: Felles utanriks- og tryggleikspolitikk (mellomstatleg); omfattar felles utanriks- og tryggleiksspolitikk i EU. Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.
  • 3. søyle: Politi- og strafferettsleg samarbeid (mellomstatleg); omfattar det strafferettslege samarbeidet (kamp mot kriminalitet, politisamarbeid med meir). Europakommisjonen kan fremje forslag, men har ingen utøvande oppgåver. Hovudregelen er at vedtak må fattast einstemmig. EF-domstolen har ingen domsrett.

Alt samarbeid som finn stad i EU, skjer i dei tre søylene og er heimla i dei ulike traktatane og traktatreglane som utgjer samarbeidet. EU er slik ikkje ein eigen internasjonal organisasjon, men er eit samlebegrep for dei tre søylene. Fordi EU ikkje er eit eige rettssubjekt, kan den heller ikkje opptre utad på vegner av medlemslanda. Skal EU opptre utad som ei eining, må medlemslanda opptre i fellesskap som statar - dei har ingen felles organ som har myndigheit til å forplikte dei. Organa som kan opptre utad på vegner av medlemsstatane og til å gje reglar som er bindande for dei, høyrer til Det europeiske fellesskap, dvs. den første «søyla» i samarbeidet.

Medlemsland

År Land Areal (km²) Innbyggarar (2011) Hovudstad Valuta
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Belgia 30 528 10 431 477 Brussel Euro
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Frankrike 674 843 65 821 885 Paris Euro
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Vest-Tyskland[1] 357 022 81 471 834 Berlin Euro
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Italia 301 340 61 016 804 Roma Euro
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Luxembourg 2 586 503 302 Luxembourg Euro
1957 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Nederland 41 543 16 847 007 Amsterdam Euro
1973 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Danmark 43 094 5 529 888 København Dansk krone
1973 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Irland 70 273 4 670 976 Dublin Euro
1981 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Hellas 131 957 10 760 136 Athen Euro
1986 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Portugal 92 090 10 760 305 Lisboa Euro
1986 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Spania 505 370 46 754 784 Madrid Euro
1995 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Austerrike 83 871 8 217 280 Wien Euro
1995 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Finland 338 145 5 259 250 Helsingfors Euro
1995 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Sverige 450 295 9 088 728 Stockholm Svensk krona
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Republikken Kypros 9 251 1 120 489 Levkosía Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Tsjekkia 78 867 10 190 213 Praha Tsjekkisk koruna
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Estland 45 228 1 282 963 Tallinn Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Ungarn 93 028 9 976 062 Budapest Forint
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Latvia 64 589 2 204 708 Riga Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Litauen 65 300 3 535 547 Vilnius Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Malta 316 408 333 Valletta Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Polen 312 685 38 441 588 Warszawa Polsk złoty
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Slovakia 49 035 5 477 038 Bratislava Euro
2004 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Slovenia 20 273 2 000 092 Ljubljana Euro
2007 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Bulgaria 110 879 7 093 635 Sofia Bulgarsk lev
2007 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Romania 238 391 21 904 551 Bucureşti Rumensk leu
2013 Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Kroatia 56 594 4 284 889 Zagreb Euro
Totalt Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Den europeiske unionen 4 511 003 507 752 126

Kandidatar

Nord-Makedonia, Montenegro og Island er offisielle søkarland. Tyrkia har forhandla om eit eventuelt medlemskap heilt sidan 1987, men det har ikkje vore så stor framdrifta. Det er mange grunnar til dette, både politiske og økonomiske. Dei politiske grunnane er i stor grad relaterte til manglande demokratiske rettar i Tyrkia og til striden med den kurdiske folkesetnaden.

Noreg sitt tilhøve til EU

Noreg er ikkje medlem av EU. I to folkerøystingar, den fyrste i 1972 og den andre i 1994 vart det eit knapt fleirtal mot medlemskap. Begge røystingane førte til ei splitting av opinionen, der eksportretta industri gjekk inn for norsk medlemskap i EU medan særleg representantane for landbruksnæringa var imot. Store delar av den kulturelle, økonomiske og politiske eliten var for medlemskap. Dei fleste avisene var for. Denne debatten viste ei elite som var i utakt med fleirtalet av folket. Motkulturane har svekka seg, men i denne saka kom dei fram igjen. Det var også regionale skilnader. Mange av dei politiske partia er splitta i synet på norsk EU-medlemskap, noko som har ført til at saka i dag ikkje er på den politiske dagsorden. Ja-sida sitt argument var, at Noreg skulle verte medlem, for å kunne påverke europeisk politikk, medan nei-sida frykta redusert norsk sjølvstyre ved ein medlemskap. Noreg sitt medlemskap i EFTA kan på mange måtar sjåast på som eit kompromiss mellom fullt EU-medlemskap og det å stå heilt utanfor det europeiske samarbeidet [treng kjelde]. Etter røystinga i 1972, så vart det underskriven ein frihandelsavtale mellom EFTA og EEC, som EU heite då. Den avtalen vart seinare erstatta av EØS-avtalen. Thorbjørn Jagland var ein sentral politikar på 1990-talet. Han vart seinare leiar for nobelkomiteen, som gav Nobels Fredspris til EU i 2012 for organisasjonen sitt arbeid for fred, forsoning, demokrati og utvikling i Europa. På grunn av Noreg sitt tilhøve til EU, så var dette ei omstridd tildeling [treng kjelde].


Andre relevante artiklar

Norske organisasjonar som arbeider med EU-spørsmål

Referansar

Bakgrunnsstoff

Den Europeiske Unionen: Historie, Organisering, EUs tre søyler  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Den europeiske unionen


Tags:

Den Europeiske Unionen HistorieDen Europeiske Unionen OrganiseringDen Europeiske Unionen EUs tre søylerDen Europeiske Unionen MedlemslandDen Europeiske Unionen KandidatarDen Europeiske Unionen Noreg sitt tilhøve til EUDen Europeiske Unionen Andre relevante artiklarDen Europeiske Unionen ReferansarDen Europeiske Unionen BakgrunnsstoffDen Europeiske UnionenDet europeiske flagget

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter Wessel TordenskjoldVolda kommuneBerlinblokadenDanmarkReidar JohansenStorbritanniaAsker kommuneBrexitTysklandIndonesiaSportsklubben BrannArabiskKapitalismeOlivettiBengaltigerGranCarl LarssonPogóniUkrainaTyrkiaEnrico CarusoEiffeltårnetOksidasjonSjakkGeologiFree Fallin'NazismeManuel Isidoro BelzuBeltaneISO 8601Ski-NM 1967Maren LundbyBergen kommuneDet britiske imperietAtommodellAustraliaHenry David ThoreauWilliam OrpenCarles PuigdemontChristianiaApplausIndiaEkstremvêret FrodeMaliNord-KoreaErik AndersenFranskAlaskaKjemiDurgaIltalehtiRussisk kulturDen romerske republikkenLiechtensteinInformasjonsattfinningEGhanaBrenselcellePH-meterCotopaxiPandaBiologisk familieGitarforsterkarAntiqueCyanClaudio Langes20. aprilAfrikaMøre og Romsdal fylkeVerktøyet filKattProfessor emeritus🡆 More