Capella

Capella er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken, den sjette lysaste på nattehimmelen og den tredje lysaste på den nordlege himmelhalvkula, etter Arcturus og Vega.

Namnet kjem frå diminutivet frå det latinske capra «geit», derfor «den vesle geita». Capella har Bayer-nemninga Alfa Aurigae (ofte forkorta til α Aurigae, α Aur eller Alfa Aur). Sjølv om ser ut som ei enkel stjerne for det nakne auga, er ho i røynda eit stjernesystem med fire stjerner som to par dobbeltstjerner. Det første paret består av to lyse, store kjempestjerner klasse G, begge med ein radius som er kring 10 gonger sola sin og to og ein halv gongar solmassen. Dei går i tett bane kring kvarandre og har fått namna Capella Aa og Capella Ab. Desse to stjernene har brend opp hydrogenet i kjernen og vorte kjempestjerner, men det er uklårt kva stadium på stjerneutviklinga dei er. Det andre paret ligg kring 10 000 AU frå det første, og består av to lyssvake, små og relativt kjølige raude dvergar. Dei har namna Capella H og Capella L. Stjernene som heiter Capella C til G og I til K er stjerner som ikkje er knytt til dei nemnde Capella-stjernene, men ligg i det same synsfeltet. Capella-systemet er relativt nær jorda, omkring 42,8 lysår unna.

Capella Aa/Ab
Capella
Capella er den mest lyssterke stjerna i Kusken.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Rektascensjon05h 16m 41.3591s
Deklinasjon+45° 59′ 52.768″
Karakteristikk
SpektralklasseK0IIIG1III
U-B fargeindeks+0.44
B-V fargeindeks+0.80
V-R fargeindeks−0.3
R-I fargeindeks+0.44
VariabelklasseRS CVn
Astrometri
Eigarørsle: 
RA α cos δ)75.52 mas/år
Dek. δ)−427.11 mas/år
Parallakse (π)76.20 ± 0.46 mas
Avstand42,8 ± 0,3 ly
(13,12 ± 0,08 pc)
Absolutt storleik (MV)0.350.20
 −0.48
Detaljar
Masse2.69 ± 0.06 M2.56 ± 0.04 M
Radius12.2 ± 0.2 R9.2 ± 0.4 R
Luminositet (bolometrisk)78.5 ± 1.2 L77.6 ± 2.6 L
Metallisitet 40% Sun
Rotation106 ± 3 d
Alder 5.4-5.9 × 108   years
Bane
Eksentrisitet (e)0.0000 ± 0.0002
Inklinasjon (i)137.18 ± 0.05°
Periastron epoke (T)2447528.45 ± 0.02 JD
Databasereferansar
SIMBADdata
 datadata
Andre namn
Alhajoth, Capella, Hokulei, α Aurigae, α Aur, Alfa Aurigae, Alfa Aur, 13 Aurigae, 13 Aur, ADS 3841 AP, BD+45°1077, CCDM J05168+4559AP, FK5 193, GC 6427, GJ 194, HD 34029, HIP 24608, HR 1708, IDS 05093+4554 AP, LTT 11619, NLTT 14766, PPM 47925, SAO 40186, WDS 05167+4600Aa/Ab.

Synlegheit

Capella verkar å ha ein rik gulkvit farge. Ho er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken og den fjerde mest lyssterke stjerna som er mogeleg å sjå med det nakne auga frå breiddegrad 40° N. Capella var den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen frå 210 000 år sidan til 160 000 år sidan, med ein storleiksklasse på −1,8. Med −1,1 var Aldebaran den mest lyssterke før den tid, og denne og Capella låg kvar nær kvarandre og fungerte som polarstjerner på den nordlege halvkula på den tida.

I verket til Bayer frå 1603, Uranometria, er Capella ryggen på Kusken. Ho ligg nokre få grader nordaust frå trekanten av stjerner som vert kalla «Barna» (Epsilon, Zeta og Eta Aurigae). Capella ligg nærmare den nordlege himmelpolen enn nokon andre stjerner av 1. storleiksklasse. På grunn av den nordlege plasseringa er ho ikkje mogeleg å sjå sør for 44 °S. Dette omfattar det sørlege New Zealand, Argentina og Chile, i tillegg til Falklandsøyane. Nord for 44 ºN er ho alltid synleg på nattehimmelen. Capella og Vega er nesten på motesette sider av polen, omtrent same avstnad, slik at ei tenkt linje mellom dei to passerer gjennom Polaris.

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Tags:

AlfaArcturusAstronomisk einingDobbeltstjerneKuskenLatinskLyssterke stjernerRaud dvergStjernebileteStjernesystemVega

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ArgentinaBlåmannTsjetsjeniaHumleInternasjonalenSvart kattVassendgutaneElizabeth II av StorbritanniaNitrogenKamerunPlaneten JupiterJamstellingsvedtaketNynorsk WikipediaFurieAstrid LindgrenMeterh5mjdFranskEirik BrandsdalKnut Jørgen Røed ØdegaardDag HammarskjöldDurgaPadlenePlaneten MarsElektronikkGrunnstoffliste etter atomnummerBlandingAftonbladetFlorøSteingardar i NoregCelsiusKristin SkogheimApeAkslaØrsta kommuneOsloKambodsjaAda LovelaceFrankrikeBondelungeKrøllalfaDet norske alfabetetHindugudarArne SørliSosialliberalismeÅSoparAtle HansenInformasjonskapselLokríInformasjonsteknologiKaména VoúrlaPoSur i OmanSatyajit RayDet ukrainske alfabetetSoria Moria kinoKopparBerlinblokadenMauser-rifle M98OblatEddadiktSamuel MassieMegawattRosenborg slottSosialdemokratiHolmenkollmedaljenAlbaniaInnsjøar i SverigeAnne RimmenHurtigrutaHestehov25. aprilRagnar Lodbrok🡆 More