Adele Laurie Blue Adkins (fødd 5.
mai">5. mai 1988), mest kjend som berre Adele, er ein engelsk vokalist og låtskrivar. Ho har gjeve ut tre album: 19, 21 og 25.
Adele voks opp i Tottenham i London. Ho fekk kontrakt med XL Recordings etter at ein demo av henne vart lagt ut på MySpace. Debutalbumet 19 vart ein suksess og dei fleste låtane vart skrivne av henne sjølv. Det andre albumet hennar, 21, kom ut i 2011 og nådde topplistene i fleire land. Frå dette albumet kom kjende singlar som «Rolling In The Deep», «Set Fire To The Rain» og «Someone Like You».
Ho fekk ein ny slager i 2012 med tittelsongen til James Bond-filmen Skyfall.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Adele Adkins, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.