Jo Nesbø (fødd 29.
mars">29. mars 1960) er ein norsk musikar og forfattar.
Jo Nesbø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mars 1960 (64 år) Oslo |
Yrke | romanforfattar, skribent, journalist, barnebokforfattar, fotballspelar, songar, musikar, manusforfattar, samfunnsøkonom, velgjerar |
Språk | norsk |
Sjanger | detektivforteljing |
Medlem av | Di Derre |
Jo Nesbø på Commons |
Jo Nesbø er fødd i Oslo, men voks opp i Molde. Han er utdanna siviløkonom og finansanalytikar frå Norges Handelshøyskole, og har arbeidd både som meklar og journalist i tillegg til å vera vokalist og songskrivar i rockegruppa Di Derre.
Nesbø var med då Molde Fotballklubb vann junior-NM i fotball i 1978. Han hadde og nokre kampar på A-laget til Molde for skade gjorde at han måtte slutte som fotballspelar.
I 1997 debuterte Nesbø som forfattar med boka Flaggermusmannen. Inspirert av ungdomsåra i Molde, der han gjekk på «Gymnaset», skreiv Nesbø manus og musikk til musikalen 90-metersbakken, som vart sett opp i Molde og turnerte i Møre og Romsdal fylke i 2004. Stykket vart òg sett opp ved Trøndelag Teater.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jo Nesbø, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.