Russland I Eurovision Song Contest

Russland debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 i Dublin i Irland med songen «Vetsjnyj strannik», framført på russisk av Judif, og har sidan delteke 21 gongar.

Sidan debuten har Russland vunne tevlinga ein gong, kome på andreplass fire gongar og tredjeplass tre gongar. Russland har stått over tevlinga ved fem høve, seinast i 2022 då Russland vart utestengt frå tevlinga som følgje av den russiske invasjonen av Ukraina.

Russland
Russland I Eurovision Song Contest
Offisielt Russland

Rossija 1
Pervyj kanal
Uttakingar
Nasjonalt 7
Internt 16
Deltaking
Debutår 1994
Deltakingar 23
Beste resultat
Semifinalen 1 (2012, 2015 og 2016)
Finalen 1 (2008)
Verste resultat
Semifinalen 15 (2018)
Finalen 17 (1995)
Poeng
Semifinalane 1 892
Finalane 3 530
Totalt 5 422

Etter år 2000 er Russland eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest med éin siger, fire andreplassar og fire tredjeplassar. Etter innføringa av semifinalar i 2004, kvalifiserte Russland seg til finalen kvart einaste år fram til 2018, då landet mista ein finale for fyrste og hittil einaste gong.

Historikk

Etter oppløysinga av Sovjetunionen i byrjinga av 1990-åra kom Aust-Europa for fullt med i Eurovision Song Contest. i 1993 vart Russland medlem av Den europeiske kringkastingsunionen, noko som bana veg for debuten i tevlinga i Dublin året etter. Russland kom på ein respektabel niandeplass, men hadde varierande resultat dei følgjande åra. Då tevlinga vart arrangert i Oslo i 1996, skjedde det utan russisk deltaking. Russlands bidrag, «Ja eto ja», vart nemleg slått ut i forhandskvalifiseringa.

Svingande resultat

I 1998, var heller ikkje Russland kvalifisert, grunna dårlege resultat åra før. Russisk fjernsyn syna heller ikkje tevlinga i Birmingham, noko som var eit krav for å få deltake året etter. Dermed måtte Russland stå over tevlinga i 1999 også.

Russland kom tilbake for fullt, då artisten Alsou sang landet inn til ein andreplass med låta «Solo», berre slått av danske Olsen Brothers. Etter nokre år med resultat midt på resultatlista, fekk Russland ein ny andreplass med Dima Bilan og «Never Let You Go». Deretter fylgde ein tredjeplass, før Dima Bilan kom tilbake og sikra Russland si fyrste siger i Eurovision Song Contest med låta «Believe». Russland arrangerte tevlinga i Moskva året etter.

Blant dei beste

Sidan 2012 har Russland enda på topp ti kvart einaste år, og landet har vunnet si semifinale tre gongar. I 2016 fekk Russland flest røyster frå TV-sjåarane, men vart berre nummer fem hos juryane. Dermed enda Sergej Lazarev på tredjeplass, bak Australia og vinnarlandet Ukraina.

Sidan debuten i 1994 har Russland delteke 22 gongar. Ansvaret med å velje artist og song har vore på rundgang mellom dei to statlege tv-kanalane Rossija 1 og Pervyj kanal. Sju gongar har Russland vald både artist og song gjennom ei nasjonal uttaking, til liks med norske Melodi Grand Prix. Den vanlegaste framgangsmåten har likevel vore intern utveljing, der TV-kanalen sjølve har vald ut artist og song. Sist gong Russland hadde ei nasjonal uttaking, var i 2012.

Strid med Ukraina

Krangel etter ukrainsk siger i 2016

I den nervepirrande avrøystinga i Eurovision Song Contest 2016 stod det til slutt mellom Ukraina og Russland. Til slutt vann Ukraina, sjølv om Russland hadde fått flest poeng frå tv-sjåarane i Europa. Russiske medier meinte sigeren var både «provoserande og politisk», og også utanlandske og norske media meinte tevlinga hadde mista uskylda då songen «1944» vann.

Sigeren førte til at Ukraina fekk arrangere Eurovision Song Contest i 2017. Hausten 2016 braut det igjen ut krangel mellom dei to nabolanda då ukrainske myndigheiter uttala at dei ikkje ønskte russiske artistar som hadde støtta dei pro-russiske separatistane aust i Ukraina, i tevlinga. Heller ikkje russiske artistar som hadde besøkt Krimhalvøya, fekk innreise til Ukraina. Bakgrunnen låg i den russiske annekteringa av ukrainske Krim i 2014, og Ukraina ser på Krim som ukrainsk territorium. Russisk musikkbransje kalla fråsegna frå Ukraina for «ikkje haldbar».

Innreiseforbodet mot Julija Samojlova i 2017

Russland I Eurovision Song Contest 
Valet av Julija Samojlova som artist i 2017 førte til store kontroversar mellom Ukraina og Russland.

Trass det anstrengde forholdet mellom landa, valde Russland å deltake i Eurovision Song Contest 2017 i Ukraina. 12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringkastaren Pervyj kanal at Julija Samojlova skulle representere Russland med songen «Flame Is Burning». Samojlova var blant finalistane i russiske X Factor i 2013, og ho er kraftig lamma og sit i rullestol på grunn av den arvelege, nevrologiske sjukdommen spinal muskelatrofi. Men kort tid etter kunngjeringa oppstod det kontroversar omkring deltakinga til Samojlova. Det viste seg at ho hadde heldt konsert på Krim i 2015, og den ukrainske sikkerheitstenesta SBU meinte difor at Samojlova hadde teke seg ulovleg inn på ukrainsk territorium. 22. mars vedtok ukrainske sikkerheitsmyndigheiter å ileggje den russiske artisten eit innreiseforbod på tre år til Ukraina.

Avgjerda vekte sterke reaksjonar både i Russland og andre stadar i Europa. Den europeiske kringkastingsunionen uttala at dei var «djupt skuffa over denne avgjerda, fordi vi følar dette strid mot både ånda for tevlinga og den inkluderande tankegangen som er ein grunnstein i verdiane til tevlinga». Pro-russiske Bjørn Nistad, som har doktorgrad i russisk idéhistorie, kalla utestenginga til Ukraina for «hårreisande». Nistad meinte også at det var «absurd at Ukraina gjer dette i politisk augneméd. Dei som sjølv vann med ein politisk låt» – og sikta til den kontroversielle vinnarlåten til Ukraina «1944».

Andre igjen meinte at det russiske artistvalet var ein bevisst russisk provokasjon, sidan russisk fjernsyn visste – eller burde ha visst – at Julija Samojlova hadde besøkt Krim etter annekteringa i 2014. Som ei kriseløysning tilbaud EBU Samojlova å framføre sitt bidrag direkte frå Russland via satellitt under semifinalen og eventuelt i finalen. Noko slikt har aldri skjedd tidlegare i Eurovision Song Contest si historie. Men russisk fjernsyn avviste løysinga og kalla det for «eit merkeleg forslag». TV-kanalen stod fast på at Julija Samojlova var Russland sin artist, og at ho måtte få deltake på like vilkår som dei andre deltakarane i Eurovision Song Contest.

EBU vart kraftig irritert over innreiseforbodet, og unionen meinte Ukraina prøvde å slå politisk mynt på tevlinga. EBU-direktør Ingrid Deltenre brukte sterke ord i eit brev til statsministeren i Ukraina: «Vi er både sinte og frustrerte over at årets tevling vert brukt som eit verktøy i den pågåande konflikten mellom Russland og Ukraina», skreiv Deltenre i brevet og varsla samstundes at det kunne bli aktuelt med reaksjonar ovanfor Ukraina. Men ukrainske myndigheiter stod fast på vedtaket om innreiseforbodet, og ukrainsk TV ba EBU om å respektere Ukraina sin suverenitet.

Russisk fjernsyn avviste forslaget til EBU om å deltake via satellitt og opplyste at dei heller ikkje ville overføre sendingane frå Kyiv. 13. april 2017 vart Russland til slutt tvinga til å trekkje seg frå tevlinga. Dette var fyrste gongen sidan 1999 at Russland ikkje deltok i Eurovision Song Contest. Avgjerda var sterkt beklaga av EBU, som fordømde det ukrainske innreiseforbodet og meinte det «undergrev integriteten og den ikkje-politiske naturen» til tevlinga.

Som eit plaster på såret for Samojlova, vedtok russisk fjernsyn at ho i staden fekk representere Russland ved Eurovision Song Contest i 2018. Men Samojlova og songen hennar «I Won't Break» vart slått ut i semifinalen i 2018. Dette var fyrste gongen Russland ikkje kvalifiserte seg til finalen etter at semifinalar vart innførte i 2004.

Utestenginga i 2022

I Eurovision Song Contest 2022 var Russland påmeldt til å delta. Etter ein langvarig strid med nabolandet Ukraina, valde Russland å invadere Ukraina 24. februar 2022. Hendinga vart møtt med massiv fordømming frå land og organisasjonar over heile verda. Den ukrainske kringkastaren Suspilne bad same dag EBU om å suspendere dei russiske medlemskringkastarane VGTRK og Pervyj kanal. Suspilne hevda kanalane hadde fungert som talerøyr for russiske myndigheitar sidan den russiske intervensjonen i Ukraina i 2014. Suspensjonen ville samtidig utestengje Russland frå Eurovision Song Contest, sidan eit land må være medlem av EBU for å kunne delta. Ei tilsvarande hending skjedde i 2021, då EBU utestengte kviterussiske BTRK fra unionen.

I ein e-post til svenske SVT same dag skreiv EBU at Russland fortsatt var velkommen til å delta i tevlinga, siden Eurovision Song Contest er ei ikkje-politisk tevlinga. Fråsegna møtte sterk kritikk frå kringkastarar over heile Europa, og fleire kravde at EBU måtte utestenge Russland frå unionen. Den finske kringkastaren Yle truga med å trekkje Finland frå tevlinga dersom Russland fekk delta, og ei tilsvarende fråsegn kom frå estiske ERR. Norske NRK meinte også at Russland måtte utestengjast: «Vi ser ikke for oss at Russland kan delta i årets Eurovision Song Contest», sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.

Den 25. februar hadde kringkastarar i ni land bedd EBU om å suspendere Russland frå unionen: Danmarks DR, Estlands ERR, Finlands Yle, Islands RÚV, Litauens LRT, Nederlands AVROTROS, Noregs NRK, Sveriges SVT og Ukrainas Suspilne. Same dag vart Russland utestengt fra Europarådet, men dette fekk ingen direkte konsekvensar for EBU-medlemskapet til Russland. Men kort tid etter kunngjorde EBU at Russland var utestengt frå Eurovision Song Contest.

Deltakarar

År Artist Song Språk Finalen Semifinalen
Plass Poeng Plass Poeng
Russland I Eurovision Song Contest  1994 Judif «Vetsjnyj strannik» (Вечный странник) Russisk 9 70 Ingen semifinalar
Russland I Eurovision Song Contest  1995 Filipp Kirkorov «Kolybelnaja dlja vulkana» (Колыбельная для вулкана) Russisk 17 17
Russland I Eurovision Song Contest  1996 Andrej Kosinskij «Ja eto ja» (Я это я) Russisk Ikkje kvalifisert 26 14
Russland I Eurovision Song Contest  1997 Alla Pugatsjova «Primadonna» (Примадонна) Russisk 15 33 Ingen semifinalar
Russland deltok ikkje i 1998 og 1999
Russland I Eurovision Song Contest  2000 Alsou «Solo» Engelsk 2 155
Russland I Eurovision Song Contest  2001 Mumij Troll «Lady Alpine Blue» Engelsk 12 37
Russland I Eurovision Song Contest  2002 Prime Minister «Northern Girl» Engelsk 10 55
Russland I Eurovision Song Contest  2003 t.A.T.u. «Ne ver, ne bojsia» (Не верь, не бойся) Russisk 3 164
Russland I Eurovision Song Contest  2004 Julija Savitsjeva «Believe Me» Engelsk 11 67 Direktekvalifisert
Russland I Eurovision Song Contest  2005 Natalja Podolskaja «Nobody Hurt No One» Engelsk 15 57
Russland I Eurovision Song Contest  2006 Dima Bilan «Never Let You Go» Engelsk 2 248 3 217
Russland I Eurovision Song Contest  2007 Serebro «Song #1» Engelsk 3 207 Direktekvalifisert
Russland I Eurovision Song Contest  2008 Dima Bilan «Believe» Engelsk 1 272 3 135
Russland I Eurovision Song Contest  2009 Anastasija Prikhodko «Mamo» (Мамо) Russisk og ukrainsk 11 91 Direktekvalifisert
Russland I Eurovision Song Contest  2010 Pjotr Nalitsj og venar «Lost and Forgotten» Engelsk 11 90 7 74
Russland I Eurovision Song Contest  2011 Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk 16 77 9 64
Russland I Eurovision Song Contest  2012 Buranovskije Babusjki «Party for Everybody» Udmurtisk og engelsk 2 259 1 152
Russland I Eurovision Song Contest  2013 Dina Garipova «What If» Engelsk 5 174 2 156
Russland I Eurovision Song Contest  2014 Tolmatsjova-systrene «Shine» Engelsk 7 89 6 63
Russland I Eurovision Song Contest  2015 Polina Gagarina «A Million Voices» Engelsk 2 303 1 182
Russland I Eurovision Song Contest  2016 Sergej Lazarev «You Are the Only One» Engelsk 3 491 1 342
Russland I Eurovision Song Contest  2017 Julija Samojlova «Flame Is Burning» Engelsk Trekt
Russland I Eurovision Song Contest  2018 «I Won't Break» Engelsk Ikkje kvalifisert 15 65
Russland I Eurovision Song Contest  2019 Sergej Lazarev «Scream» Engelsk 3 370 6 217
Russland I Eurovision Song Contest  2020 Little Big «Uno» Engelsk og spansk Avlyst
Russland I Eurovision Song Contest  2021 Manizja «Russian Woman» (Русская женщина) Russisk og engelsk 9 204 3 225
Russland I Eurovision Song Contest  2022 Utestengt frå deltaking grunna Russlands invasjon av Ukraina

Merk at namn og titlar er transkribert frå russisk-kyrillisk i samsvar med Språkrådets tilrådingar. Namna vil difor være stava annleis enn på engelsk.

Røystehistorikk

Finalane

Russland har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1 Russland I Eurovision Song Contest  Aserbajdsjan 124
2 Russland I Eurovision Song Contest  Ukraina 108
3 Russland I Eurovision Song Contest  Armenia 91
4 Russland I Eurovision Song Contest  Moldova 79
5 Russland I Eurovision Song Contest  Hellas 76

Russland har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1 Russland I Eurovision Song Contest  Estland 187
2 Russland I Eurovision Song Contest  Latvia 175
3 Russland I Eurovision Song Contest  Kviterussland 166
4 Russland I Eurovision Song Contest  Israel 151
5 Russland I Eurovision Song Contest  Moldova 148

Semifinalane

Russland har gjeve flest poeng til
# Land Poeng
1 Russland I Eurovision Song Contest  Moldova 106
2 Russland I Eurovision Song Contest  Armenia 96
3 Russland I Eurovision Song Contest  Aserbajdsjan 89
4 Russland I Eurovision Song Contest  Ukraina 64
5 Russland I Eurovision Song Contest  Noreg 49

Russland har fått flest poeng frå
# Land Poeng
1 Russland I Eurovision Song Contest  Moldova 119
2 Russland I Eurovision Song Contest  Aserbajdsjan 99
3 Russland I Eurovision Song Contest  Armenia 91
4 Russland I Eurovision Song Contest  Latvia 65
5 Russland I Eurovision Song Contest  Estland 64
Russland I Eurovision Song Contest  Kypros

Galleri

Eurovision Song Contest i Russland

År Stad Arena Programleiarar
2009 Russland I Eurovision Song Contest  Moskva Olimpijskij Finalen: Alsou og Ivan Urgant
Semifinalane: Natalja Vodjanova og Andrej Malakhov

Sjå òg

Kjelder

Tags:

Russland I Eurovision Song Contest HistorikkRussland I Eurovision Song Contest Strid med UkrainaRussland I Eurovision Song Contest DeltakararRussland I Eurovision Song Contest RøystehistorikkRussland I Eurovision Song Contest GalleriRussland I Eurovision Song Contest Eurovision Song Contest i RusslandRussland I Eurovision Song Contest Sjå ògRussland I Eurovision Song Contest KjelderRussland I Eurovision Song ContestDublinEurovision Song ContestEurovision Song Contest 1994Eurovision Song Contest 2022IrlandKrigen i UkrainaRussiskRusslandUkraina

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Champions LeagueBrunbjørnWayback MachineOrrfuglI'm Still StandingFylkesveg 515NordmennSjøløverDen siste istidaVM i fotball 2006Innsjøar i SverigeRSSJenteHenrik II av EnglandStord kommuneHaikuItaliensk salatSteinLeonardo da VinciNatriumProfessor emeritusTerje StrømdahlFagorganisasjonNasjonaldraktHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorDomokósMidsommarBergenKnut Jørgen Røed ØdegaardSandnesGarnMette-Marit av NoregPlantarWikiJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughTutankhamonReksteren skuleDiezeSlåttevikBrasilNoregRally SverigeAmfíklia-ElátiaGardasjøenThespiésRørvikProgrammeringsspråket JavaDanmarkAldislampeDei sameinte arabiske emirataCarl XVI Gustaf av SverigeHeradTyrkiaMakrakómiAfrikah5mjdMyrlikDet buddhistiske livshjuletVevdesignFlodsvinNazismeGediminas KirkilasMount EverestLotta i BråkmakergataAItaliaDet norske alfabetetLondonListe over norske nyordSamfunnÅmot i ModumGramMoldedialektKriminalitetReinRamaskrikMegawattTamil🡆 More