Malmö

55°36′5.8572″N 13°0′13.295″E / 55.601627000°N 13.00369306°E / 55.601627000; 13.00369306

Malmö
by
Malmö
Malmö
Våpenskjold
Land Malmö Sverige
Areal 7 833 km²
Folketal 325 069 (31. desember 2020)

Malmö
55°35′35″N 13°01′17″E / 55.593188589918°N 13.021423031021°E / 55.593188589918; 13.021423031021
Wiki Commons: Malmö
Malmö
S:t Petri-kyrkja i Malmö
Malmö
Stadsbiblioteket
Malmö
Fosie, med Turning Torso i bakgrunnen

Malmö (dansk Malmø) er ein by i Malmö kommun i Skåne, sør i Sverige. Byen voks fram på 1200-talet, og er administrasjonssenter for både Skåne län og Malmö kommun. Byen Malmö er den tredje største i Sverige med 280 415 innbyggjarar i 2011.

28 % av folkesetnaden i Malmö er fødde i utlandet, og til saman 174 land er representert. I løpet av dei siste tiåra har Malmö gått frå å vere ein utprega industriby til å ha eit variert næringsliv med svært mange arbeidsplassar innan handel og tenesteyting. Det er òg stor innpendling frå omegnskommunane. Største arbeidsgjevarar er Malmö stad, Skåne län og Skanska Sverige AB.

Malmö har bl.a veg- og jernbanesamband til København via Øresundsbrua og ferjesamband med Travemünde/Lübeck.

Det tyske namnet på byen var Elbogen (som 'olboge') med tanke på bogeforma til kysten ved Limhamn. Tidlegare betydde ordet malm òg grus. Det mest påfallande landemerket i byen er Turning Torso, som med ei høgd på 190 meter er ei av dei høgaste bustadblokkene i Europa.

Historie

Historia til Malmö går tilbake til midten av 1200-talet. I 1275 blir Malmö omtalt som stad første gongen, og etter at byen i 1360 hadde fått danske kjøpstadsrettar, utvikla han seg raskt til å bli ein av dei mektigaste handelsbyane i Norden og den viktigaste i Danmark etter København, og ei viktig festning. Byen opplevde ei ny blomstring i første halvdelen av 1500-talet. Ved freden i Roskilde 1658 vart grensa mellom Sverige og Danmark trekt i Øresund, og Malmö vart svensk. I hundreåra som følgde var byen fleire gonger gjenstand for danske åtak og kringsetjing.

Malmö opplevde ein ny vekst frå byrjinga av 1800-talet. Folketalet passerte 100 000 i byrjinga av 1910-åra og 200 000 omkring 1950.

Demografi

Malmö er ein multikulturell by der det vert snakka 150 språk og og 174 nasjonalitetar er representert. Av byens 302 835 innbyggjarar er 41 % første- eller andreigenerasjonsinnvandrarar. dei største gruppene av innvandrarar er frå dei følgjande landa:

  1. Malmö  Irak (9 940)
  2. Malmö  Danmark (8 972)
  3. Malmö  tidlegare Jugoslavia (8 426)
  4. Malmö  Polen (7 053)
  5. Malmö  Bosnia og Hercegovina (5 969)
  6. Malmö  Libanon (3 780)
  7. Malmö  Iran (3 375)
  8. Malmö  Tyrkia (2 110)
  9. Malmö  Ungarn (2 038)
  10. Malmö  Romania (2 014)

Malmö har vore gjenstand for internasjonal merksemd på grunn av den demografiske utviklinga.

Kriminalitet

I 2010 var Malmö den byen med nest flest melde lovbrot i Sverige. Talet var på 20 696 anmeldte lovbrot per 100 000 innbyggjarar. Det er noko lågare enn Stockholm med 21 035, og ein del høgare enn landsgjennomsnittet på 14 605. Når det gjeld kvardagskriminalitet har talet på anmeldingar per innbyggjar fall med 20% det siste tiåret, men når det gjeld valdskriminalitet, valdtekt og ran har talet auka kraftig. Per 100 000 innbyggjarar var det meldt 1 053 valdstilfelle i 1996, over femten år har talet auka til 1 727. Mengda valdtekter per 100 000 innbyggjarar har auka frå 109 til 217, og mengda ran har auka frå 424 per år til 984 i same periode. I 2010 var det 64 drapsforsøk og 12 drap i Malmö, politiet har vore utsett for fleire bombeåtak, og i periodar vil ikkje politiet flytte seg inn i nokre bydelar. Fleire av drapa i byen blir kopla til gjengkriminalitet.

Malmös «lasermann»

I 2010 var det fleire skyteepisodar i Malmö der ein mann skaut på tilfeldige innvandrarar, og då spesielt innvandrere med mørk hud. Gjerningsmannen fekk kallenamnet «Malmös lasermann» av media. Motivet for skyteepisodene trur ein var rasisme.

Kultur og utdanning

Malmö er sete for landshøvdingen i Skåne län. Byen har to dagsaviser og Sveriges Radios regionsentral for Skåne og Blekinge. Her er universitetssjukehus, lærarhøgskule, tannlegehøgskule, musikkhøgskule, teaterhøgskule og kunsthøgskule. Her ligg òg World Maritime University (SN). Malmö Stadsteater vart opna 1944.

Byskildring

Den eldste delen av Malmö er Gamla staden, men riktig gamle hus finst berre spreitt. Nokre av dei mest kjende er rådhuset frå 1546, landshøvdingsresidensen frå 1600-talet og Jörgen Kocks hus (1523). Bydelen er omgjeve av kanalar og i vest avgrensa av Kungsparken, Slottsparken og slottet Malmöhus, oppført av Christian III 1536–42, no museum med samlingar av kunst, kultur- og naturhistorie. St. Petri kyrka, ferdig 1332, er etter Lund domkyrkje den største i Sør-Sverige. Vest for sentrum ligg bydelen Slottsstaden med moderne bustadbygg og det 27 etasjar høge kontorbygget «Kronprinsen» frå 1964. Lenger vest er villaområde og fleire strandbad. I sør er parkområdet Pildammsparken og fleire store idrettsanlegg; austom sentrum ligg det omdiskuterte bustadområde Rosengård med høgblokker frå 1960-åra. I 2005 vart han 190 m høge skyskraparen Turning Torso, teikna av Santiago Calatrava, ferdigstilt.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Malmö  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Malmö

Tags:

Malmö HistorieMalmö DemografiMalmö KriminalitetMalmö Kultur og utdanningMalmö ByskildringMalmö Sjå ògMalmö KjelderMalmö BakgrunnsstoffMalmö

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Cornelis VreeswijkItaliaSagaen om IsfolketOrrfuglGediminas KirkilasVardø kommuneAliártos-ThespiésDaddelBaliTidFranklin D. RooseveltFurieEli Kari GjengedalPlaneten SaturnJim MorrisonLagerthaPer Henriksen45 av KinoCarl XVI Gustaf av SverigeReese WitherspoonTsjasiv JarVoilà av Barbara PraviØrstaLand i Eurovision Song ContestThespiésBiologisk familieOppland fylkeSosialdemokratiEpiPenSunnmøreUtviklinga av traktorenStylídaDomenetapFylkesveg 515Pink FloydSt. PetersburgAmerikakoffertEiffeltårnetMont Saint-MichelOperahuset i OsloGarfieldSamuel MassieClaus JervellNasjonalrettTreeiningaJakob II av EnglandNordfjordeidDet indiske kastesystemetOmanUnicodeAfrikaSenterpartietKent AndersenUN-nummerHeerenveenEmma EllingsenTrekanthandelIALA maritime bøyesystemZevsLinn UllmannJordCanadaHuaoraniarSvein Tore MarthinsenAtenDet ukrainske alfabetetTasmansk djevelDag HammarskjöldHenrik WergelandPortugalTangSludd🡆 More