Europarådet er ein internasjonal organisasjon med 46 medlemsstatar med 800 millionar innbyggjarar i og omkring Europa, i tillegg er fem asiatiske land tatt opp som medlemer: Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Kypros og Tyrkia.
Organisasjonen blei grunnlagt i London 5. mai 1949, og har sete i Strasbourg i Frankrike. Organisasjonen arbeider hovudsakleg med å fremje demokrati, menneskerettar og rettsstatsutvikling i medlemslanda.
Europarådet | |||
| |||
Palais de l'Europe i Strasbourg. | |||
Skipa | 5. mai 1949 | ||
---|---|---|---|
Dotterselskap | Den europeiske menneskerettsdomstolen | ||
Land | Frankrike | ||
Nettstad | https://www.coe.int (engelsk) |
Eit av dei viktigaste resultata til Europarådet er vedtaket av Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som dannar grunnlaget for Den europeiske menneskerettsdomstolen. Rettspraksisen til domstolen har fått stor betydning for utviklinga av stillinga til menneskerettane i Europa, og den har tent som modell for menneskerettsdomstolar i andre delar av verda.
Europarådet vedtar både konvensjonar, anbefalingar (rekommendasjonar) og resolusjonar. Dei to offisielle språka til organisasjonen er engelsk og fransk. Den norske regjeringa legger årleg fram ei stortingsmelding om arbeidet i Europarådet. Sekretariatet i Europarådet har om lag 1 800 tilsette.
«Europarådet» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Europarådet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.