Kokospalme (Cocos nucifera) er ein palmeart kjend for å produsera kokosnøtter.
Kokospalme | |
Kokospalme | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Underfamilie: | Arecoideae |
Stamme: | Cocoseae |
Understamme: | Butiinae |
Slekt: | Cocos |
Art: | Kokospalme C. nucifera |
Vitskapleg namn | |
Cocos nucifera |
Kokospalmen stammar frå Malaysia og Polynesia, men har spreidd seg til heile det tropiske området, delvis naturleg og delvis med menneskehjelp.
Palmen kan bli opptil 25 m høg og har ein rik dusk av 2–3 meter lange fjøra blad på toppen av den slanke, ugreina stammen. Frå treet er 5 år ber det blomar og frukter, som sit i bladhjørnene. Blomsterstanden er ein greine kolbe der hannblomane sit i greinspissane medan eit fåtal hoblomar sit ved grunnen. Eit fullvakse tre gjev 5–10 frukter kvar månad.
Ulike produkt frå kokosnøtt, blad og stammen er særs viktige i mange kulturar. Dei blir brukte som næringsmiddel, materiale og som indsutriråvare, i form av mellom anna kokosfeitt, kokosfiber og kokosmasse.
Kokospalmen er ein saltplante som kan vatnast med havvatn og elles krev tilførsel av klor og natrium. Ofte dyrkar ein plamen saman med andre vekstar som ananas, mais, solsikke, kaffi, kakao, banan og sitrusfrukt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kokospalme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.