Tropane

Tropane er det geografiske området av jorda som ligg rundt ekvator, mellom dei to vendekretsane, om lag 23°30' (23,5°) N og 23°30' (23,5°) S.

Dette området vert òg kalla den heite sona.

Tropane
Bilete frå Filippinane midt på dagen medan sola nesten står i senit.

Dette området inkluderer alle områda på jorda der sola i løpet av eit år står i senit. I tempererte soner vil sola aldri nå ei høgd på 90º eller stå direkte over hovudet på ein. Ordet «tropane» kjem frå det greske ordet tropos som tyder «vending», fordi sola tilsynelatande svingar mellom dei to vendekretsane med ein periode som definerer middellengda på eit år.

Tropiske planter og dyr er dei artane som høyrer heime i tropane. Tropisk vert òg av og til brukt om det tropiske klimaet, eit klima som er varmt og fuktig året rundt, og som ofte inneheld frodig vegetasjon. Det finst derimot stader i tropane som ikkje har tropisk klima, til dømes Mauna Kea på Hawaii, Kilimanjaro i Afrika eller Andesfjella i Sør-Amerika. Ein har òg stader i tropane som er tørrare med lågare luftfukt, slik som Sahara, Sentral-Afrika og dei nordlege områda av Outback i Australia.

Tropiske økosystem

Tropiske økosystem kan utgjere regnskogar, tørre lauvskogar, barskogar, ørkenar og andre habitat. Ein har ofte område med stort biologisk mangfald og endemiske artar, særleg i regnskogar og tørre lauvskogar. Døme på slike stader er regnskogane i Costa Rica, skogane på Madagaskar og Waterbergbiosfæren i Sør-Afrika.

Sjå òg

Tags:

EkvatorVendekrets

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NamnedagEmmylou HarrisDag IngebrigtsenJolly ColaAnnita á FríðriksmørkPrince Edward IslandBuckminsterfullerenGambelaregionenAktiv galaksekjerneFilmjølkDjengis khanIltalehtiTornedalenAstmaMímir KristjánssonStord kommuneOnsdagOppland fylkeKrageflagellatVulkanar i ItaliaSogndal kommuneÅttringSomaliregionenMonogamiKoptisk kristendomGodzillaBeer AjamAretha FranklinPrins Harry, hertug av SussexWashington, D.C.Brest i FrankrikeIrskAtropinE85AudhumblaKaren DaltonLemmingAli Baba og dei førti røvaraneGerd-Liv VallaSjokoladen HobbyHalsArne BrimiEM i fotball 2000Steingardar i NoregOffentleg eigedomJulius CæsarSandsøya i SandeBronkiektasiEuropaDei sørlege Nederlanda2001TrondheimBangladesh923NoregPåskeeggKrøllalfaDet norske alfabetetNordmøreHydrometerIntellektuellELagerthaAmfidromisk punktBjørnVladimir LeninTropisk syklonGrunnstoffliste etter namnJordaT-banen i OsloLewis HamiltonSunnhordlandske ord og vendingar🡆 More