Ananas (Ananas comosus) er frukta frå ein vekst i ananasslekta i ananasfamilien.
Ananas | |
Ananas | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Bromeliaceae |
Slekt: | Ananas |
Art: | Ananas A. comosus |
Vitskapleg namn | |
Ananas comosus Merr., 1917 |
Veksten er opphavleg frå Brasil og Bolivia, men er dei siste fem hundreåra spreidd til andre verdsdelar og dyrka der. Namnet «ananas» kjem frå tupi-guarani anānā, anamá eller naná.
Ananasen, som er ei rosettplante, trivst best i 25–30 grader og treng ca. 1000–1500 mm regn per år. Ananasplanta lever i cirka tre år. Når planta er 2–3 år ber ho frukt, sidan visnar ho og døyr. Ananasen har ein frukttype som kallast samansett frukt som er ein diaspore danna av ei stor mengde blomar rundt stamma.
Ananasfrukta vert i kosthaldet nytta i mellom anna dessertar, fruktsalatar, kjøtt- og fiskerettar, salatar og som pizzatopping. For å kunne ete frukta må det taggete skalet og det treaktige partiet i midten, ananasstokken, skjerast vekk. Dette er grunnen til at konservert ananas i skiver ofte har form som ein relativt smal ring med eit stort hol i midten. Ananasfrukta kan vege over to kg. Kolibri er den vanlegaste pollinatøren av ananas.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ananas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.