Jouko Karjalainen

Jouko Karjalainen (fødd 27.

juli">27. juli 1956) er ein finsk tidlegare kombinertløpar frå Kajana. Han vann sølvmedaljen i kombinert både under OL 1980 og OL 1984, samt bronsemedaljen i ski-VM 1985. Karjalainen fekk elles med seg to VM-sølv i lagtevlingar, 1982 og 1984, pluss ein VM-bronse i same i 1985.

Jouko Karjalainen
Statsborgarskap Finland
Fødd 27. juli 1956 (67 år)
Kajana
Idrett kombinert
Tok del i

Nordic combined at the 1980 Winter Olympics, Nordic combined at the 1984 Winter Olympics

Aktiv

Karjalainen markerte seg fyrste gongen i kombinert i 1977, då han vart nummer fem i Svenska skidspelen i Falun. Han kom på åttandeplass då ski-VM gjekk av stabelen i heimlandet, same året som han gav landsmannen Rauno Miettinen hard kamp om sigeren i kombinert i Holmenkollen. I 1979-sesongen vann han kombinert i Lahti-spelen og vart nummer tre i Holmenkollen.

Under vinter-OL 1980 i Lake Placid overraska Karjalainen med å ta sølvmedaljen i kombinertøvinga, 2,7 poeng bakom den austtyske kombinertkongen Ulrich Wehling, med sterke utøvarar som Konrad Winkler, også han austtyskar, og norske Tom Sandberg på dei neste plassane. I 1981 vann Karjalainen kombinert i Holmenkollen, framom tre austtyske kombinertrennarar, med Konrad i Winkler i spissen. Året etter vart Karjalainen nummer fire i den indviduelle kombinertøvinga i verdsmeisterskapen i Oslo, og gjekk så Finlands tremannslag inn til sølvmedalje i den nye konkurransegreina for nasjonslag. Karjalainen vart same sesongen nummer to i Lahti, 8,7 sekundar bak Rauno Miettinen, sesongen etter vart han nummer tre, men var over to minuttar bak vinnaren.

Med eit nytt OL-sølv kopierte Karjalainen under vinter-OL 1984 bragda frå dei førre vinterleikane. I ein elles svak sesong fann han då berre ein overmann, Tom Sandberg frå Mo i Rana og Noreg. På tampen av OL-sesongen var Karjalainen også med då Finland, i Rovaniemi, tok sølvmedaljen i verdsmeisterskapen på ski for nasjonslag i kombinert. Karjalainen avslutta si tid som aktiv kombinertløpar med å vinne to bronsemedaljar under VM 1985 i Seefeld, i den individuelle øvinga vart han slått av den suveren verdsmeisteren Hermann Weinbuch frå Vest-Tyskland og av norske Geir Andersen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

195627. juliFinlandKajanaKombinertNordiske greiner under vinter-OL 1980Nordiske greiner under vinter-OL 1984Ski-VM 1985

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AldislampeJordbruksrevolusjonenAndSveitsDet finske riksvåpenetKristian IV av Danmark-NoregBook of KellsWienerklassisismenJaran DammannPliktetikkDurgaCarl Philip av SverigeEÁjos Konstandínos i FthiótidaJenny KlingeKrutWalesSuraj i OmanRafaelHadjTanzaniaStilarkBergen kommuneFørste maiCowboy-LailaKristopher SchauIltalehtiSamisk kulturAkslaArminianismeKent AndersenDet polske flaggetSothøneSovjetunionenJaktaVictoria av SverigeSvart kattUndergrunnsbanen i LondonTangzrbt62020MardalsfossenDet britiske imperietTommy RobinsonNato-alfabetetVassendgutaneSvartedauenSildekongeNorsk folkedansSteinJonsereds Fabrikers ABStavenesThaiMorfologi i biologiWayback MachineMedinaÅLastebilIdas sommarvisaJohnny DeppMarihøne45 av KinoKnut T. StorbukåsFurieKazanAda LovelaceDompap2006ISBNInfleksjonspunktNazismeI'm Still StandingStore norske leksikonHarald V av NoregHarrSatyajit RayTyrkiaRosenborg slottNorsk ytre språkhistorie🡆 More