Verdsmeisterskapen på ski i nordiske greiner 1984 vart arrangert 26.
februar">26. februar 1984 i Engelberg i Sveits, og 17. mars 1984 i Rovaniemi i Finland. På kvar av stadane vart det avvikla ei øving; i Engelberg var det skihopping for lag, medan det i Rovaniemi gjaldt lagtevling for kombinert. Verdsmeisterskapa i desse øvingane kom i stand då øvingane ikkje hadde fått plass i programmet for Vinter-OL 1984 i Sarajevo.
Medalje | Lag | Poeng |
---|---|---|
Gull | Finland (Markku Pusenius, Pentti Kokkonen, Jari Puikkonen og Matti Nykänen) | 618,3 |
Sølv | Aust-Tyskland (Ulf Findeisen, Matthias Buse, Klaus Ostwald og Jens Weissflog) | 572,2 |
Bronse | Tsjekkoslovakia (Ladislav Dluhoš, Vladimír Podzimek, Jiří Parma og Pavel Ploc) | 564,1 |
4 | Austerrike (Armin Kogler, Richard Schallert, Ernst Vettori, Andreas Felder) | 561,0 |
5 | Jugoslavia (Tomaz Dolar, Miran Tepes, Vasja Bajc, Primož Ulaga) | 516,6 |
6 | Noreg (Ole Gunnar Fidjestøl, Vegard Opaas, Ole Christian Eidhammer, Per Bergerud) | 516,2 |
Medalje | Lag | Poeng |
---|---|---|
Gull | Noreg (Geir Andersen, Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg) | 1189,46 |
Sølv | Finland (Rauno Miettinen, Jukka Ylipulli og Jouko Karjalainen) | 1186,32 |
Bronse | Sovjetunionen (Aleksandr Prosvirnin, Aleksandr Majorov og Ildar Garifullin) | 1183,54 |
4 | Aust-Tyskland | 1168,10 |
5 | Vest-Tyskland | 1129,68 |
6 | Tsjekkoslovakia | 1116,12 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ski-VM 1984, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.