Lake Placid (engelsk: placid (adjektiv) = roleg, koseleg) er ein feriestad i Essex County i delstaten New York i USA.
Staden hadde 2 638 innbyggarar i 2000, og vert ofte nemnt i samband med Nord-Elba, det opphavlege namnet på området. Nord-Elba er i dag nabobyen til Lake Placid.
Lake Placid ligg i regionen High Peaks i Adirondack-fjella. Her er to innsjøar: Lake Placid og Mirror Lake. Store delar av denne fjellrike regionen vart vedteke verna i 1892. Adirondack Park er det største naturreservatet i USA utanfor Alaska, og dekker ca ein femdel av arealet i delstaten New York.
Lake Placid er ein heilårs feriestad med ei rekke sportslege aktivitetar. OL-anlegga rundt turistbyen er i bruk mykje av året. Vinteren er høgsesongen, då kan alle OL-anlegga brukast. OL-anlegga er fire i talet; skeisebana i sentrum, bobsleighbana, langrennssenteret på Mount Van Hoevelberg og alpinløypene på Whiteface Mountain. Dei kringliggjande Adirondack-fjella er eit populært område for turgåarar.
Sidan 1999 har tevlinga Ironman USA årleg vorte arrangert i Lake Pacid. Denne triatlontevlinga går over lange distansar; 3,86 km symjing, 180,2 km sykling, 42 195 meter springing.
Dei olympiske vinterleikane vart avvikla i Lake Placid både i 1932 og 1980. Saman med St. Moritz i Sveits og Innsbruck i Austerrike er Lake Placid ein av tre stader som har arrangert vinter-OL to gongar. Innsbruck har i tillegg arrangert vinter-OL for ungdom éin gong.
Kunstløparen Sonja Henie, kombinertrennaren Johan Grøttumsbråten og skihopparen Birger Ruud var dei norsk gullvinnarane i 1932. Bjørg Eva Jensen vann det einaste norske OL-gullet i 1980, då ho sigra i 3000 meter lengdeløp.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lake Placid, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.