Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Tom Sandberg

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Tom Sandberg (fødd 6. august 1955 i Mo i Rana) er ein norsk, tidlegare kombinertrennar. Han vart verdsmeister i øvinga i 1982, og olympisk meister i same i 1984, vinnar av verdscupen i kombinert i 1984, dessutan verdsmeister i lagtevling i kombinert i 1984. Sandberg vann ni av ti norske meisterskap i kombinert i tiårsperioden 1975-84. Han representerte Mo Skilag.

Tom Sandberg
Fødd6. august 1955 (67 år)
Mo i Rana Flag of Norway.svg Noreg
Tom Sandberg på Commons
Medaljeoversikt
Tevla for Flag of Norway.svg Noreg
Kombinert menn
OL
Gull1984 SarajevoK90/15 km
Verdsmeisterskap
Gull1982 OsloK90/15 km
Gull1984 RovaniemiK90/3x10 km
Sølv1982 OsloK90/3x10 km
Verdscupen samanlagt
Gull1984

Aktiv

Sandberg slo gjennom allereie som 18-åring då han vann kombinertrennet i Holmenkollen i 1974, same året fekk han sølv i junior-EM. Året etter vart han europameister for junior i Lieto og tok sitt fyrste av i alt ni senior-noregsmeisterskap i øvinga, med god margin til toaren Pål Schjetne.

I sin OL-debut i 1976 vart Sandberg nummer åtte i Innsbruck og beste nordmann. Same sesongen vart han nummer to i både Lahti og Svenska skidspelen, begge gongane slått av den sterke finnen Rauno Miettinen. Åra 1977-79 heldt han fram med å kome på pallen i dei store nordiske kombinerttevlingane, utan å gå heilt til topps.

Sandberg vart nummer fire under OL i Lake Placid. Under VM i Oslo i 1982 vann han den individuelle tevlinga etter ein spennande sluttspurt, der han kom i mål berre 0,2 sekundar framom Konrad Winkler, og 0,9 sekunder føre Uwe Dotzauer, begge frå Aust-Tyskland. I lagtevlinga kom Noreg på bronseplass, for laget tevla Hallstein Bøgseth, Espen Andersen og Sandberg.

Sandbergs store jubelår var 1984, då han vart olympisk meister i Sarajevo. Ein månad etter leikane sikra han Noreg VM-gull i lagtevlinga i kombinert i Rovaniemi, saman med Geir Andersen og Hallstein Bøgseth. Den same sesongen sigra Sandberg i verdscupen, fyrste sesongen verdscupen i kombinert vart arrangert.

Sandberg vart tildelt 'Nordland fylkes kulturpris' og Morgenbladets Gullmedalje i 1984. Tidlegare hadde han fått Olavstatuetten i 1982 og Holmenkollmedaljen i 1983.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1974: Vinnar i Holmenkollen
  • 1975: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1976: Nr 2 i Falun og i Lahti, nr 3 i Holmenkollen. Nr 8 i vinter-OL i Innsbruck
  • 1977: Nr 3 i Falun
  • 1978: Nr 2 i Falun og nr 3 i Holmenkollen. Nr 7 ski-VM i Lahti
  • 1979: Nr 2 i Falun
  • 1980: Nr 4 i vinter-OL i Lake Placid
  • 1981: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1982: Gullmedalje under ski-VM i Holmenkollen, bronse i lagtevlinga
  • 1983: Nr 2 både i Lahti og i Holmenkollen.
  • 1984: Gullmedalje under vinter-OL i Sarajevo, verdscupsiger i Štrbské pleso, nr 2 både i Falun og i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Kjelder

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Tom Sandberg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.