Geir Andersen: Norsk idrettsutøvar

Geir Andersen (fødd 21.

februar 1964) er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Oslo. Han tok VM-sølv i Seefeld 1985 og var med å vinne lagsølvet for Noreg i same meisterskapen. Under VM 1984 vart han verdsmeister i lagtevlinga, saman med Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg. I 1985 vann Andersen verdscupen i kombinert. Han vart noregsmeister i øvinga både i 1985 og 1986. Også den eldre broren Espen Andersen var ein framifrå kombinertrennar.

Geir Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1964 (60 år)
Oslo
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1984

Karriere

Andersen slo gjennom i 1983 då han kom på bronseplass under noregsmeisterskapen, bak Tom Sandberg. Same sesongen fekk han sølv i junior-VM, året etter tok han gullet i same meisterskapen.

På nyåret i 1984 fekk han si fyrste pallplassering i verdscupen då han vart andremann i Schonach etter Thomas Müller frå Vest-Tyskland. I februar månad deltok Andersen i kombinertøvinga under vinter-OL i Sarajevo og vart nummer ti. Etter tre strake tredjeplassar i verdscupen reiste han i mars 1984 til Rovaniemi i Finland, der han saman med Hallstein Bøgseth og Tom Sandberg vann verdsmeisterskapen i nordisk kombinert for lag.

Andersens fyrste verdscupsiger kom i Planica midt i desember 1984, seinare i sesongen oppnådde han tre sigrar til. I verdsmeisterskapen på ski i Seeefeld fekk han sølvmedalje både i den individuelle tevlinga og i lagtevlinga. Attpå dei fire fyrsteplassane oppnådde han også tre andreplassar i verdscupen, noko som førte til han vann verdscupen i kombinert for 1985 med stor margin.

Straks før jul i 1985 vann han i Tarvisio sin siste siger i verdscupen. Etter dette sleit Andersen med å kome aller øvst på resultatlistene i kombinertrenn. Dermed fekk han ikkje delta for Noreg i korkje ski-VM 1987 eller vinter-OL 1988. Hans siste pallplassering var ein tredjeplass i Saalfelden i desember 1988.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1984: Nr 3 både i Falun, Lahti og i Holmenkollen. Nr 10 i vinter-OL i Sarajevo
  • 1985: VM-sølv i Seefeld, vinnar i Planica, St. Moritz, Kavgolovo og Lillehammer
  • 1985/86: Vinnar i Tarvisio og nr 2 i Lahti
  • 1987/88: Nr 4 i Bad Goisern
  • 1989: Nr 3 i Saalfelden

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

Geir Andersen la opp i 1989.

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Geir Andersen KarriereGeir Andersen KjelderGeir Andersen BakgrunnsstoffGeir Andersen196421. februarHallstein BøgsethKombinertNoregSki-VM 1984Ski-VM 1985Tom Sandberg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VårsøgRSS26. marsPablo NerudaChristian Holberg Gran OlsenProfessor emeritusNatriumhydroksidBjordalNiKon-Tiki-ekspedisjonenSomaliregionenOrvar-OddGulsvikBjørnøyaBiologisk familieHinnøyaHjortetakksaltOdesaNapoléon Bonaparte1986LeksikonPåskekrimTysklandRanavik-SkjersholmaneKlarälvenFinskURLDale-GudbrandIsraelBrusselAad GjelleLudwig van BeethovenVince GillRabagastTone Wilhelmsen TrøenÄlvdalens kommunVärmlandAtle HamarWashington County i OregonRenaultKåre Magnus BerghInternasjonal telefonkodeKusymreSverigeIntellektuellAndSlepvogn2012-fenomenetGambelaregionenSeglvikVik kommuneAmfidromisk punktHundre års ensomhetAkslaDet engelske herrelandslaget i fotballGeorgiaPrince Edward IslandGodzilla20232020Max ReinhardtDifferensialdiagnoseDei største øyane i verdaTunhovdSkandinaviaRichterskalaenEirik RaudeSauSpråk i AfrikaLübeckJapanHilde LyrånAllahu akbarStrilamålVind🡆 More