Faste vil seia å avstå frå all eller nokre typar mat ei viss tid, ofte av religiøse grunnar.
Fastinga kan til dømes vera meint som ei botsøving eller ei tid for andeleg fornying. Det kan òg finnast ulike reglar og rituale ein følgjer i samband med fasta.
Ein fastar i nitten dagar, i heile den siste månaden i året, alá. Truande mellom 15 og 70 år som har helse til det fastar ved å avstå frå mat og drikke mellom soloppgang og solnedgang.
Ein fastar ut frå ulike tradisjonar, til dømes kvar laurdag eller kvar ekadasji (den ellevte dagen i kvar halvmånesyklus). Å fasta kan gå ut på å avstå frå all mat og drikke eller frå visse typar mat, til dømes kjøt, feit eller krydra mat.
Saum er ei tretti dagar lang faste under ramadan. Alle muslimar skal faste då, bortsett frå dei som av visse oppgjevne grunnar ikkje er i stand til det. Ein avstår frå mat og drikke frå soloppgang til solnedgang.
På jom kippur fastar ein, angrar på synder og søker forsoning med Gud.
Tradisjonelt er det ei fastetid før påske og jul og på nokre spesielle fastedagar. Særleg dei ortodokse kyrkjene legg stor vekt på fastedagane. Protestantiske kyrkjelydar legg derimot lite vekt på fasta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Faste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.