Anorexia nervosa, på norsk anoreksi, er ei av dei vanlegaste eteforstyrringane.
Forstyrringa fører til at den sjuke ikkje har eit reelt bilete av seg sjølv, og et lite eller ingenting. Eteforstyrringa kan difor føre til ekstrem avmagring og av og til også død. Pasientane held fram å slanke seg trass i at dei er avmagra. Tilstanden er klassifisert som ei psykisk liding i det offisielle diagnosesystemet ICD-10. Ordet anorexia kjem frå latin, og tyder «apetittløyse».
Årsaksforhalda er komplekse, det er sannsynleg at både psykologiske, sosiale og organiske faktorar spelar inn. Familietilhøve, som til dømes konfliktar mor—dotter, vert ofte nemnd som avgjerande, men dette er lite dokumentert gjennom forsking. Vestleg kultur med sterke tynnheitsideal og slankepress mellom unge menneske har sannsynlegvis innverknad for utvikling av anoreksi. Perfeksjonistiske personlegdomstrekk, lågt sjølvbilde og lite sosialt nettverk er sett på som risikofaktorar. Sjukdommen er relativt hyppig i visse idrettsmiljø og i modellyrke. Anoreksi er den psykiske sjukdommen med høgast dødelegheit. Den har ei dødelegheit på 5-10% (dødelegheita skuldast i hovudsak somatiske komplikasjonar eller sjølvmord).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Anorexia nervosa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.