Laurdag: Vekedag

Laurdag er den einaste dagen i veka som ikkje er kalla opp etter nokon gud eller himmellekam.

Veka

I staden viser namnet til det ein brukte å gjera på denne dagen, nemleg å bada eller lauga seg. På andre språk er dagen gjerne kalla opp etter sabbaten, den jødiske kviledagen, eller den romerske guden Saturn. På maorispråket er han òg kalla vaskedagen, rahoroi.

Det er vanleg å halda val denne dagen i Australia, og på New Zealand er det den einaste lovlege valdagen.

Laurdag som heilagdag

Laurdag er sabbatsdagen innan jødedommen, den opphavlege sjuande dagen, då Gud i følgje skaparforteljinga kvilte.

For jødar markerer dermed laurdagen slutten på veka. For muslimar, som feirar fredag som heilagdag, er han derimot den første dagen i ei ny veke.

Laurdag som helgedag

Kristendommen flytta kviledagen til sundag, og kristne arbeidde lenge på laurdagen. I nyare tid har ein gradvis utvida helga, slik at også laurdagen blei ein fridag. Ei stund hadde ein mellom anna halve skuledagar på laurdagar i Noreg, medan dagen no er heilt undervisingsfri.

Også før laurdagen blei ein fridag var det vanleg å slappa av eller festa på denne dagen, ettersom ein kviledag skulle koma etter. Laurdag er fortsatt ein viktig dag å halda festar på, medan norske ungar er vane med å eta laurdagsgodt på denne dagen.

Sjå òg

  • Baron Samedi, «Baron Laurdag», ein av gudane til dei døde i voodoo-religionen

Tags:

DagGudGuden SaturnHimmellekamMaorispråketSabbat

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NorskBodø kommunePenisLerkAnnaOrbitalSandnessjøenIranSystem of a DownJonas Gahr StøreOttomanSlapsDet norske herrelandslaget i fotballInkarikets fallPeter Wessel TordenskjoldSvartehavetØrjeSerious Hits… Live!Sax-a-boomAnne HoltRundeSionistHjelmOljefeltPower av KansasMaud av Noreg293 BrasiliaKjetil A. LieArto BryggareTarasåsenRob DruppersBergen kommuneFagorganisasjonFree Fallin'Fever av Little Willie JohnLonely and BlueBritisk bluesHolbækPHBill ChamplinTraneDave TorbertHovudsideTwitterByar i HellasEmma EllingsenSola kommuneMaiken Caspersen FallaJordskorpeplateMarmaStand by MeNaheDeep PurpleWitch houseSundbornFrozenPentangleFilmen Land og fridomInformasjonskapselSekulærEli Kari GjengedalÅkerbærJohn P. HammondAdamstuenTønsberg kommuneMikal KirkholtNintendo 3DSMogopBrohlbachInternasjonalenArvo ViitanenKožufArnøy kyrkjeMenneskeanatomiPadling under Sommar-OL 2012🡆 More