Ormar eller slangar (Serpentes) er ein underorden av krypdyr utan lemer.
Ormar | |
Hoggorm | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av ormar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | Lepidosauromorpha |
Overorden: | Lepidosauria |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Underorden: | Ormar Serpentes von Linné, 1758 |
Ordet slange vert særskilt nytta om ormar som ikkje finst i Noreg.
Ormane utvikla seg frå øglene for om lag 100 millionar år sidan, under krittida. Dei er rovdyr med rørlege kjevar som gjer at dei kan sluka svært store bytte samanlikna med sin eigen storleik.
Somme ormar har eit giftig bit, som dei brukar til å lamma eller drepa byttedyr. Men langt dei fleste ormane (1 600 av dei om lag 2 400 ulike artane) har inga gift.
Den ormearten som vert størst og tyngst, er den søramerikanske anakondaslangen, som kan bli opp til 10 m lang og vega 250 kg. Somme artar av pytonslangar kan bli minst like lange, men ikkje so tunge.
Alle ormar er kaldblodige.
I Noreg finst det tre ormar: hoggorm, buorm og slettsnok. Av desse er berre hoggormen giftig. Stålormen, som òg finst i Noreg, er ikkje ein orm men ei øgle utan bein.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ormar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.