Synagoge (frå gresk συναγωγη) er den generelle termen for jødiske bønne- og forsamlingshus.
Hovudrommet i ein synagoge inneheld normalt ei ark (aron hakkódesj eller hekhál) der torárullane blir lagra; ei opphøgd leseplattform (bima eller tebá) for torálesing og leiing av bønn, og eit evig lys (ner tamíd) til minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet i Jerusalem. I ortodokse og mange tradisjonelle synagogar er det oftast eit fysisk skilje, mehissá, mellom manns- og kvinnedelane av synagogerommet.
Andre namn for ‘synagoge’ inkluderer hebraisk בֵּית כְּנֶסֶת (bet keneset), jiddisch שׁוּל shul, spansk/portugisisk esnoga og hovudsakleg reformjødisk tempel.
Det sentrale rommet i ein synagoge er sjølve gudstenesterommet. Planløysinga i dette rommet har ein del fellestrekk, men òg ulikskapar mellom ulike tradisjonar. I det følgjande vil tre typiske planløysingar bli skildra — den bipolare, den sentralorienterte og den unipolare planløysinga.
Den bipolare planløysinga er typisk for romaniotisk, italiensk, provençalsk og sefardisk jødedom. Det er òg dokumentert enkelte eksempel på bipolare synagogar i Litauen.
Sentralorientert planløysing er vanleg i askenasisk-ortodoks jødedom og i mizrahisk jødedom.
I moderne ikkje-ortodoks jødedom i Nord-Amerika er bimaen og dukhánen (plattforma ved arka) samanslegne, og bimaen og arka (aron hakkódesj) ligg saman fremst i synagogerommet. Benkeradene vender mesta alltid mot dette området, som har mange fellestrekk med ei teaterscene.
Den eldste noverande synagogen i Danmark ligg i Krystalgade i København og vart innvigd i 1833. Denne synagogen blir bruka av Det mosaiske Troessamfund i Danmark, ei moderne ortodoks meinigheit. Det finst òg ein synagoge i Ole Suhrsgade som høyrer til den strengare ortodokse meinigheita Machsike Hadas og som no blir driven av Chabad Danmark. I dei siste par åra har den reformjødiske meinigheita Shir Hatzafon etablert seg som eit alternativ, men dei har enno ikkje nokon fast synagoge.
I Noreg finst det i dag to synagogar — éin i Oslo og ein i Trondheim. Synagogen i Trondheim er elles ein av dei nordlegaste i verda. (Den aller nordlegaste synagogen i verda ligg, såvidt kjent, i Fairbanks i Alaska.) Andre synagogar har òg vore i bruk — inkludert eit leigd lokale i Folkets Hus i Kristiansund føre andre verdskrigen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Synagoge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.