El-Ghriba-synagogen er ein svært gammal synagoge rett ved Hara Seghira nokre kilometer sørvest frå Houmt Souk på den tunisiske øya Djerba.
El-Ghriba-synagogen er meir enn 2000 år gammal, og var dermed over 600 år gammal da Tunisia vart muslimsk. Dermed er dette den eldste synagogen i Afrika og ein av dei eldste i verda.
Eit segn seier at ei gruppe jødar flykta frå øydelegginga av Det første tempelet i Jerusalem og kom til øya Djerba, kor dei så bygde denne synagogen.
I fleire århundre har jødiske pilegrimar valfarta til El-Ghriba-synagogen i tida etter pesahfesten.
Den 11. april 2002, etter godt over tusen år med fredeleg naboskap, gjekk ein sjølvmordsbombar til åtak på El-Ghriba-synagogen med ein naturgass-tankbil lasta med sprengstoff. 21 menneske vart drepne i dette terroråtaket, inkludert 14 tyske turistar, 6 tunisiarar og ein franskmann. Meir enn 30 menneske vart såra. Åtaket vart først omtala som ei ulukke, men etterforskinga viste at dette var ein planlagt åtak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article El-Ghriba-synagogen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.