Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam

Den portugisiske synagogen i Amsterdam, oftast kalla Esnoga (nederlandsk uttale: snoge), ligg ved gata Visserplein, beint imot det historiske sentrumet av Amsterdam, rett ved Det jødiske historiske museet i Amsterdam.

Dette monumentale bygget vart bygd på 1600-talet (det såkalla gylne hundreåret i Nederland) for det sefardiske trussamfunnet Talmud Tora (Det portugisisk-israelittiske trussamfunnet i Amsterdam). Etter andre verdskrigen og Holocaust er det ikkje meir enn 700 medlemmer i meinigheita. Men denne synagogen, som mirakuløst nok overlevde nazistane sine øydeleggingar (fleirtalet av dei tyske synagogane vart sette i brann), er stadig open for publikum.

Den portugisiske synagogen i Amsterdam
Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam
ArkitektDaniël Stalpaert
StilBarokkarkitektur

Den portugisiske synagogen i Amsterdam
52°22′03″N 4°54′19″E / 52.3675°N 4.905278°E / 52.3675; 4.905278
Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam
Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen (leseplattforma) nærmast og Hekhál (arka) i bakgrunnen.
Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam
Eksteriør av den portugisiske synagogen i Amsterdam

Den 12. september 1670 vart tomta kjøpt for oppføring av den nye portugisiske synagogen i Amsterdam. Synagogen vart teikna av den nederlandske arkitekten Elias Boumann. Arbeidet tok til den 17. april 1671, og synagogen vart innvigd 2. august 1675.

Historia til det sefardiske samfunnet i Amsterdam

Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam 
Måleri av interiøret i esnogaen kring 1680 av Emanuel de Witte (ca 16171692).

Etter utvisinga av alle jødar frå Spania av dronning Isabel og kong Ferdinand av Castilla i 1492 flykta om lag 30.000 jødar til Portugal, kor det allereie fanst eit tilsvarande tal portugisiske jødar.

I 1496, under styret til Diego Manoel I av Portugal, vart alle desse tvinga til å konvertere til katolisismen — anten dei var portugisiske eller spanske jødar. Den aktive forfølginga av jødar i Portugal byrja med iverksetjinga av inkvisisjonstribunalet i 1540 — ein institusjon som stod ved lag fram til 1821.

Frå denne tida av valde mange såkalla Cristãos-Novos (port.) eller cristianos nuevos (sp.), eller med andre ord dei som var ætta frå dei jødane som hadde vorte tvangskonverterte til kristendommen, å flykte frå Portugal og Spania, der dei altså var forfølgde og undertrykte av ulike grunnar. Ein av grunnane var økonomisk: Ein stor del av den jødiske befolkninga kunne lesa, medan fleirtalet av dei kristne var analfabetar. I tillegg hadde Den katolske kyrkja forbode kristne å taka renter, noko som gjorde at jødar var dei einaste som kunne drive bankverksemd på eit økonomisk forsvarleg vis. Jødane i Portugal — inkludert nykristne — hadde av desse grunnane, særleg ut frå liten grad av analfabetisme og sterk vekt på utdanning, ein høg posisjon i samfunnet i kulturlivet, i medisinen, i kartografien og i vitskap generelt.

Frå kring 1596 kom mange portugisiske familiar av jødisk opphav til Amsterdam (blant andre stader. Desse hadde fått nok av undertrykkjinga i Portugal og ville vende attende til open praktisering av si eiga tru att.

På denne tida, mellom 1580 og 1640, tok Portugal del i Den iberiske unionen under Filip-kongane — ein katolsk allianse som førte open krig mot England. Den spanske inkvisisjonen var aktiv i det sørlege Nederland på denne tida og var årsak til ryet som eit mørksinna og barbarisk folk som spanjolane fekk i Nederland. I Nederland, der reformasjonen fekk grundig fotfeste, tørsta folket etter fridom frå det katolske Spania og slost no for politisk og religiøs fridom i åttiårskrigen — krigen for nederlandsk sjølvstende.

Slik heng det saman at ikkje berre portugisiske jødar, men òg spanske jødar, grupperte seg saman med dei portugisiske for slik å unngå å bli rekna til den spanske fienden. Dei iberiske jødane (eller sefardiske jødar) vart snart til ein minoritet, med bylgja av jødar frå Aust-Europa (eller askenasiske jødar); dei sistnemnde var fleire, men òg jamnt over fattigare enn «portugisarane», som snart fekk merkelappen som kulturmenneske, finansfolk og politisk innflytnadsrike. Enno i dag, etter at nazistane utsletta over 80 % av dei nederlandske jødane under Andre verdskrigen, følgjer det ein dåm av prestisje med dei portugisiske familienamna — med samband attende til det rike portugisisk-jødiske miljøet på 1500- og 1600-talet.

Dei portugisiske jødane tilkjempa seg viktige rettar i samband med si kulturelle og politiske utvikling i Nederland, og dei oppnådde religions- og meiningsfridom — i skarp motsetnad til tilhøva for dei fleste jødiske gruppene i resten av verda.

Det portugisisk-jødiske miljøet produserte mange namn av nasjonalt og internasjonalt ry: Rabbinarar, lærde, filosofar, finansfolk og grunnleggjarar av internasjonale handelskompani. Av desse kan nemnast Baruch de Spinoza, Isaac de Pinto, David Ricardo, Menasseh Ben Israel og Uriel Acosta.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Den Portugisiske Synagogen I Amsterdam Historia til det sefardiske samfunnet i AmsterdamDen Portugisiske Synagogen I Amsterdam Sjå ògDen Portugisiske Synagogen I Amsterdam KjelderDen Portugisiske Synagogen I Amsterdam BakgrunnsstoffDen Portugisiske Synagogen I Amsterdam1600-taletAmsterdamAndre verdskrigenEsnogaHolocaustNazismeNederlandNederlandskSefardisk jødedomTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Hound DogKinas kommunistpartiNasjonaldyrPH-meterJasmine Camacho-QuinnLinerleLuganoFinding NemoEnrico CarusoGambiaFredrik SolvangJohan de WittDeltaGabonFree Fallin'Tegan and SaraStrilEdderkoppdyrHaugtussaHalloClaudio LangesMeirRussenorskSkjoldbruskkjertelenCristiano RonaldoDet nederlandske koloniriketNorrøntSigmaHistorisk oversyn over kommunar i HordalandJens StoltenbergSpesifikk varmekapasitetMount EverestTyrkiaHarald V av NoregChampions League21. januarIsTeineVerkstadDei fem K-ane i sikhismenSennesvikRoger McGuinnJordskorpeplateFuerteventuraDonald TrumpJordbruksrevolusjonenStar WarsTransportKulturindustrienGhanaKattCamilla Collett2006TeltBuAegisMediaWikiSandy DennyTaekwondoFA-cupfinalen i fotball 2001Russisk kulturBjorøyhavnJaroslav SakalaSpekkhoggarMetanolIltalehtiKabaStorbritanniaDen europeiske unionenHenrik II av EnglandLitle LangøyaGammeZoologiLemming🡆 More