William Thomson, lord Kelvin (26.
juni">26. juni 1824–17. desember 1907) var ein britisk matematisk fysikar som vert rekna som grunnleggaren av termodynamikk. Han var professor i fysikk ved Universitetet i Glasgow frå 1846 til 1899.
Han vart adla av dronning Victoria i 1892 til 'baron Kelvin (lord Kelvin) for arbeidet sitt med å leggje ein transatlantisk telegrafkabel. Namnet Kelvin kjem frå elva Kelvin som renn gjennom universitetsområda i Glasgow. Han starta ved dette universitetet ti år gammal, og då han nådde 22 år var han vorte professor her. Han vart vald som medlem av Royal Society i 1851 og var president der i perioden 1890-1895. I 1896 vart han tildelt Knight Grand Cross av Royal Victorian Order og i 1902 vart han ein av dei første medlemmane av Order of Merit. Han er gravlagt i Westminster Abbey i London.
Lord Kelvin tenkte ut den absolutte temperaturskalaen (kelvinskalaen) i 1848 og SI-eininga for temperatur, Kelvin, er kalla opp etter han. I 1951 gav han ut ei betre forklaring av skalaen, samstundes med at han kom fram til den andre termodynamikklova. I 1853 oppdaga han saman med J.P. Joule Joule-Thomson-effekten. I 1856 føresåg han Thomson-effekten. Lord Kelvin arbeidde innan mange område, tenkte ut nye metodar og gjorde mange oppfinningar. Han var konsulent for firmaet som i 1850-åra la den første transatlantiske telegrafkabelen. I dette arbeidet vart det naudsynt å nytte særs følsame måleinstrument, og han konstruerte då speilgalvanometeret
Lord Kelvin vart utnemnd til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.
«William Thomson Kelvin» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article William Thomson Kelvin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.