Hannover

Hannover er ein by nord i Tyskland ved elva Leine.

Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på 523 000 (2007), og er eit stort senter i Nord-Tyskland.

Hannover
Horisonten til Hannover
Horisonten til Hannover
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Hannover
Hannover is located in Tyskland
Hannover
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Hannover
Geografi
Flatevidd
 - By

204,01 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

522 944
  2 563/km²
1 128 543
Koordinatar 52°22′0″N 9°43′0″E / 52.36667°N 9.71667°E / 52.36667; 9.71667
Høgd over havet 55 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 30001 - 30669
Telefon-retningsnummer 0511
Bilnummer H
Heimeside: www.hannover.de

Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.

Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).

Historie

Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han voks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna bygde bymuren og fleire kyrkjer.

Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlege arvingen.

Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.

Industri

Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.

Anna

Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen

Galleri

Bakgrunnsstoff

Hannover  Commons har multimedium som gjeld: Hannover
Hannover  Reiseguide for Hannover frå Wikivoyage

Tags:

Hannover HistorieHannover IndustriHannover AnnaHannover GalleriHannover BakgrunnsstoffHannoverDelstatar i TysklandLeineNiedersachsenTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Emma EllingsenMetéoraHlíðarfjallEuropaAfrikaC++Den austerrikske arvefølgjekrigenPeter BoszItaliaDen norske språkstridenHellasSosialdarwinismeLangnebbparakittTønsberg kommuneGjærBrasilNorrøntKevlarNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973SoltidLundefuglFylkesveg 751Roger KjendalenSamleieTidvatnBuskerud fylkeFarkadónaOperativsystemFranz LisztGarden KatthultTidslinje over norsk historieDas KapitalAnatomiske retningsskildringarDet indiske kastesystemetNazismeSvart kattKenth EldebrinkValdresRichie FaulknerUkrainaDickey BettsJehovas vitneDet amerikanske flaggetStatsreligionGrodagenNihilismeBlandingAndAbdusamet YigitNautisk milMP3Digital object identifierKallífonoEMånenVerdas lengste skihoppPeter GabrielStrategispelDødsstraffMartha SkrettebergFeilslutningCelsiusIolkósMuscat guvernementBuSymbol i hinduismenBM-21GrønlandHollandDet tredje riketTríkala🡆 More