Termodynamikk

Termodynamikk eller varmelære (frå gresk θερμη, therme, «varme» og δυναμις, dynamis, «kraft») er ei grein innan fysikk som studerer effekten av endringar innan temperatur, trykk og volum på eit fysisk system på makroskopisk skala ved å analysere den samla rørsla til partiklane i systemet ved hjelp av statistikk.

Her tyder varme om lag «energi i rørsle» og dynamikk viser til sjølve «rørsla». Altså er termodynamikk i praksis studiet av energirørsler og korleis energi kjem i rørsle. Historisk utvikla termodynamikken seg ut frå eit behov for å auke effektiviteten til tidlege dampmaskinar. Utgangspunktet for dei fleste termodynamiske problemstillingane er dei termodynamiske lovene, som postulerar at energi kan bytast om mellom fysiske system som varme eller mekanisk arbeid.. Dei postulerer òg at det finst ein storleik kalla entropi, som er definert for alle typar system. I termodynamikk vert vekselverknaden mellom store system studert og kategorisert. Sentralt i dette er konsept som termodynamisk system og omgjevnadar. Eit system består av partiklar og den gjennomsnittlege rørsla til desse partiklane avgjer kva eigenskapar dei har, som igjen relaterer til kvarandre gjennom tilstandslikninga. Eigenskapar kan kombinerast for å uttrykke indre energi og termodynamisk potensial, som er nyttig for å avgjere tilhøva for dynamisk likevekt og spontane prosessar.

Termodynamikk
Typisk termodynamisk system - varme flyttar seg frå varmt (kjele) til kaldt (kondensator) (ingen av dei er vist her) og arbeid vert trekt ut, i dette tilfelle ei rekkje stempel.

Med desse reiskapane kan termodynamikken skildre korleis system reagerer på endringar i omgjevnadene sine. Dette kan nyttast i mange forskjellige tema innan vitskap og ingeniørkunst, som motorar, faseendringar, kjemiske reaksjonar, transportfenomen og sjølv svarte hol. Resultat i termodynamikken er essensielle i andre felt av fysikk og i kjemi, kjemiteknikk, romfartsteknikk, maskinteknikk, cellebiologi, biomedioteknikk, meteorologi og teoretisk materiallære for å nemne nokre få.

Sjå òg

  • Atmosfærisk termodynamikk
  • Biologisk termodynamikk
  • Termodynamikk i svarte hol
  • Kjemisk termodynamikk
  • Klassisk termodynamikk
  • Likevektstermodynamikk

  • Ikkjelikevektstermodynamikk
  • Fenomenologisk termodynamikk
  • Psykrometri
  • Kvantetermodynamikk
  • Statistisk termodynamikk
  • Termoøkonomi

Anna

  • Varmemåling
  • Debye-Hückel-likninga
  • Væskedynamikk
  • Legendretransformasjon
  • Onsager sine resiproke forhold
  • Faselikevekt

Kjelder

Fotnotar

Tags:

Termodynamikk Sjå ògTermodynamikk KjelderTermodynamikkDampmaskinDynamikk i mekanikkEnergiEntropiFysikkGreskIndre energiKraftMekanisk arbeidStatistikkTemperaturTermodynamisk potensialTilstandslikningaTrykkVarmeVolum

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RombeMagnetisk feltstyrkeKristoffer ColumbusAustralopithecusJaroslav SakalaSør-AfrikaRefraksjonMarius ThingvaldKarikaturBrexitSamisk historieKjemisk formelDet osmanske riketAtommodellMediaWikiFlåklypa Grand PrixEngavågenHilde LyrånSjakkVictoria av StorbritanniaQueenCommunist Party of Great BritainMøteplassHaugtussaAlderspensjonKinas kommunistpartiFacesAnimismeJerry Leiber og Mike StollerLonnie MackMeirAmasoneJerry DouglasTønsberg kommuneOlga DanilovaGotlandVM i friidrett 2022Kongsberg IdrettsforeningMichael UhrmannSpekkhoggarIsbreBrennverdiDeltaStore norske leksikonSåmaskinFranz LisztKónitsaMuhammedIltalehtiVåren av Aasmund Olavsson VinjeSophie EliseMarie CurieNeville ChamberlainRSSMaiken Caspersen FallaBrøytSunnmøreErik AndersenCate BlanchettNatriumHumphrey BogartVaremerkeMayo ClinicTransportLaurdagSerious Hits… Live!MiljøproblemTsjekkoslovakiaOdinHellasOsteoporosePetter NorthugMolde kommuneBjorøyhavn🡆 More