Sidensvans (Bombycilla garrulus) er ein sporvefugl som finst i det nordlege Europa, Asia og Nord-Amerika.
Sidensvans | |
Sidensvanshann. Foto: Peter Gerstbach | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av sidensvans | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Sidensvansfamilien Bombycillidae |
Slekt: | Sidensvansar Bombycilla |
Art: | Sidensvans B. garrulus |
Vitskapleg namn | |
Bombycilla garrulus |
Sidensvansen er ein trekkfugl som overvintrar i Nord-Europa. Fuglane trekk lenger mot sør etterkvart som det vert lite bær og frukt. Derfor varierer det kor langt sør dei dreg.
Sidensvansen er om lag 20 cm lang. Hoa og hannen er omtrent like. Fuglen er raudgrå med svart strupe, eit svart band gjennom augene og gul stjertspiss. Han er lett å kjenne på den høge, raudbrune fjørtoppen på hovudet, gilde raude og gule terningar på vengene og stjerten og fin trillande låt. Han er ein selskapeleg fugl. Flukta er rask, og liknar på staren si.
Lokketonen er kortare eller lengre trille, som ei elektrisk ringeklokke — «ssrrriiii».
Fuglen har reir i tre; av kvistar, mose, skjegglav og strå. Egga er kvitaktige med mørkare punkt og flekkar. Rugetida er på ca.14 dagar. Ungane blir i reiret 15-17 dagar. Hoa og hannen matar med oppgulp. Sidensvansen rugar uregelmessig i furuskogen i Finnmark og sjeldan sørover til Trøndelag, Nordmøre og Hedmark.
I hekketida lever sidensvansen for det meste av insekt. Om vinteren et han bær og frukt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sidensvans, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.