Karri

Karri er ei vestleg nemning for fleire asiatiske sausar og krydderblandingar brukt til å laga dei.

På norsk viser namnet særleg til ei krydderblanding sett saman av spisskum, koriander, gurkemeie, chilipulver og bukkehornkløver (fenugreek), eller ein saus laga med slikt krydder. Denne karrien er kjenneteikna av ein gulaktig farge på grunn av gurkemeien, og ei særskilt lukt som særleg kjem frå koriander og spisskummen. Karrismaken passar til ei rekkje former for kjøt, fisk og grønsaker.

Karri
Karripulver.
Karri
Kylling i karrisaus.

Ordet «karri» kjem av tamilsk kari og tyder ganske enkelt 'grønsakrett', ofte forklart som 'saus'.

Gurkemeie er ein viktig ingrediens i karri, og har tradisjonelt vore brukt i asiatisk medisin. Laboratorieforsøk har vist at eit stoff i gurkemeie, kurkumin, kan motverka betennelsar og kreft. Det er likevel ikkje stadfesta at det å eta karrimat eller gurkemeie i seg sjølv er helsebringande.

Historie

Karri 
Karrirett servert med ris.

Omgrepet «curry» kom til Storbritannia frå India på 1700-talet. Nye asiatiske krydder gjorde det mogleg å laga mat som britar var blitt kjende med i Britisk India. Den første kjende karrioppskrifta er «Currey the India way» i Hannah Glasse si kokebok The Art of Cookery made Plain and Easy frå 1747. Oppskrifta på denne tjukke sausen var nokså enkelt smakssett med malen koriander, smør, lauk og salt. I den oppdaterte utgåva frå 1774 inneheldt oppskrifta finmalen gurkemeie, ingefær og pepar.

Curry blei ein populær britisk matrett som mellom anna blei brukt til restemat. Frå 1780-åra blei det selt ferdigblanda karripulver, og i 1810 blei den første karristova i England, Hindoostanee Coffee House, opna i London av bengalaren Sake Dean Mahomed. Fleire britiske kokebøker frå 1800-talet hadde karrioppskrifter, mellom anna den populære Mrs Beeton, som gav ei oppskrift på karripulver (med koriander, gurkemeie, kanel, kajennepepar, sennepsfrø, ingefær, allehande og bukkehornkløver), men meinte at å kjøpa ferdigblanda pulver kunne vera både betre og meir økonomisk.

Karri 
Tilreiing av thailandsk karri.

Etter viktoritida var karriretter ei tid mindre vanlege heimelaga mat, men blei populære att i mellomkrigstida saman med annan eksotisk mat. Frå slutten av 1940-talet opna ei rekkje indiske restaurantar i Storbritannia som serverte britisktilpassa indisk mat. Desse blir gjerne kalla curry houses. På 1990-talet blei det også opna ei rekkje søraustasiatiske restaurantar, hovudsakleg med thailandsk mat, i Storbritannia, med mange karriretter. I 1997 blei curry utropt til den britiske favorittretten i ei meiningsmåling.

Annan bruk

Karripulver er òg vanleg i retter som ikkje nødvendigvis blir kalla karri, til dømes til fiskebollar i kvit saus, currywurst, mulligatawny soup eller coronation chicken.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Karri  Commons har multimedium som gjeld: Karri

Tags:

Karri HistorieKarri Annan brukKarri Sjå ògKarri KjelderKarri BakgrunnsstoffKarriChiliGulGurkemeieKorianderKrydderSausSpisskum

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Tuonela-svanaRelativitetsteorienPintElizabeth II av StorbritanniaAre KalvøBokstaveringsalfabetHenrik IbsenNoregsmeisterskapen i sjakkRundePALOPFri rettshjelpCiceroSigmaSauTommeKoboltPink FloydDet norske flaggetSkulemål i RogalandDet republikanske partiet i USAStareStilarkHydrogenPumaGustav StrømsvikThor HeyerdahlNils GaupÆrfuglIsraelSvarthyllØresundbruaCubaSanta Cruz de TenerifeTorsdagFlaggAudhumblaGeorg III av StorbritanniaNapoléon BonaparteKnut den mektigeSpaniaEl GrecoKjærleikAmitav GhoshFribySionismeKleopatraKlipperSvastikaVerdas språk etter utbreiingAbsoluttverdiVangsgutaneRegjeringWikiBåhus festningGulut8dxIl Tempo GiganteGjest BaardsenVestlandetChristianiaLungebetennelseTeknologi20. septemberWikisourceDjengis khanSandsøyaFreddie MercuryKnut Marius DjupvikOrLevestandardKjemi28. mars🡆 More