Ingefær

Ingefær (Zingiber officinale) er ei plante som har vore dyrka i mange tusen år i India og Kina.

Ingefær
Ingefær
Ingefær
Status
Status i verda: Datamangel
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ingefærordenen Zingiberales
Familie: Ingefærfamilien Zingiberaceae
Slekt: Zingiber
Art: Ingefær Z. officinale
Vitskapleg namn
Zingiber officinale
Roscoe, 1807

Arta høyrer til ingefærfamilien. Han blir brukt som krydder i ei rekkje matlagningstradisjonar, og i folkemedisin. Det er rotstokken som vert nytta.

Ingefær
Botanisk illustrasjon av ingefær frå Köhler's Medizinal-Pflanzen

Ingefær er ein urteaktig fleirårig plante som lagar falske stenglar av samankrølla bladfeste som blir rundt ein meter høge. Dei ber smale lauv. Blomestanden ber lysegule blomar med lilla delar. Dei veks direkte frå rotknollen på eigne skot.

Planten oppstod i øyriket i Søraust-Asia og vart truleg først dyrka av austronesiske folk. Dei frakta han med seg over den indo-pasifiske regionen under den austronesiske ekspansjonen for rundt 5000 år sidan, så langt som til Hawaii. Ingefær var eit av dei første kryddera som blei eksportert frå Asia, og vart brukt i Europa av dei gamle grekarane og romarane. Ingefær er i slekt med gukermeie (Curcuma longa), kardemomme (Elettaria cardamomum) og galangal. Fjerne slektningar med liknande smak, slekta Asarum, vert ofte kalla vill ingefær.

Nytte i matlagning

Unge ingefærrøter er saftige og ein mild smak, noko som gjer at dei ofte blir sylta i eddik eller sherry som delikatesse, eller berre brukt i tilberedningen av anna mat. Eldre ingefærrøter er mykje turrare, og har seige fibrar. Safta frå eldre ingefærrøter har ein særs sterk smak, og er mykje nytta i kinesisk matlagning til å gøyme andre sterke smakar, t.d. lammekjøtt og fisk.

Ingefær blir òg brukt til godteri, brukt som smaksstoff i småkaker, og er det primære smaksstoff i ingefærøl, ein søt leskedrikk.

I vestleg matlaging blir ingefær nesten utelukkande nytta til søtsaker, slik som ingefærøl, småkaker, godteri, og kakar.

Tørka ingefærpulver har ein særs skarp smak, som ikkje minner mykje om frisk ingefær. Av denne grunnen kan ein ikkje bruke ein av dei to formene for ingefær som erstatning for den andre.

Ingefær 
Ingefærrot

Økonomi og utbreiing

Ingefær blir dyrka i det meste av den tropiske del av verda. Dei dyraste variantane, og òg dei av høgaste kvaliteten kjem vanlegvis frå Australia, Sør-India og Jamaica, sjølv om mest ingefær blir dyrka i Kina.

Medisinsk nytte

Det er truleg at ingefær er effektivt mot kvalme forårsaka av t.d. reisesjuke. Ingefærota inneheld òg mange antioksidantar, og pulverisert turka ingefær finst i tablett-form. Drikken ingefærøl har òg alltid vore tilrådd mot kvalme i dei landa der det har vore brygga.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Ingefær  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Ingefær
    Litteratur

Tags:

Ingefær Nytte i matlagningIngefær Økonomi og utbreiingIngefær Medisinsk nytteIngefær KjelderIngefær BakgrunnsstoffIngefærIngefærfamilienKrydder

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Noreg under sommar-OL 2008Bill ChamplinI Dovregubbens hallFrits Thaulow24. aprilHolbækTrekanthandelSverigeEnrico CarusoEnaresjøenISO 4217KattCountryDet norske alfabetetVerktøyet filBelgiaFreddie MercuryAlaskaMøreJaroslav SoukupNoregManchester UnitedNordsamiskPanserbataljonenJonas LieGrodagenSinaihalvøyaIndiaAluminiumPhilip Seymour HoffmanMenneskeInformasjonsattfinningSkypeLundefuglParasittologiMeråkerMorfinInformasjonsteknologiSennesvikNatriumDrivhusgassStrilamålSovjetunionenBloggLavaPlaneten MarsJa, vi elsker dette landet11. februarStorfeCasanova av SupergruppaKirunaLemmingJerry DouglasFilmserien Harry PotterSamleieSionismeErnst JosephsonØystein SundeTangentHundPlantarHalloOksygenErnst VettoriWikipediaPippi LangstrømpeMoteHumphrey BogartPetter NorthugHepatitt C-virusMoskvaDet første krosstogetBjørnHenrik II av EnglandBodø kommuneFuerteventura🡆 More