Allehande; òg kalla nellikpepar (Pimenta dioica, tidegare Pimenta officinalis) er eit eviggrønt, om lag 10 meter høgt tre som har sitt opphav på Jamaica og Mellomamerika.
Allehande | |
Allehande | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Myrtefamilien Myrtaceae |
Underfamilie: | Myrtoideae |
Stamme: | Myrteae |
Slekt: | Pimenta |
Art: | Allehande P. dioica |
Vitskapleg namn | |
Pimenta dioica Merr. |
Frøa i fruktene blir brukte som krydder. Dei blir hausta før dei er modne og sidan tørka.
Under Christofer Columbus' andra reise til Karibia fann ekspedisjonen allehandetre. Dei meinte det var pepartre, sidan frøa liknar.
Då England tok makta i Jamaica omkring 1655 kom handelen med allehande i gang. Krydderet fekk ulike namn, som engelsk allspice, fransk toute-épice, dansk allehånde og svensk kryddpeppar.
Krydderet vart mellom anna brukt på flesk for å døyve harsk smak. I Frankrike vart allehande brukt i likørar.
Allehande blir hovudsakleg brukt i Mellomamerika, Storbritannia og i Skandinavia - skandinavene kjøper ein tredel av allehanden som blir omsett på verdsmarknaden. Allehande inneheld eugenol, som er ein sterk antioksidant.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Allehande, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.