Betennelse

Betennelse eller inflammasjon (av latin īnflammō, «eg tenner», «setje fyr på») er ein del av dei komplekse biologiske responsane som blir sett i verk av vaskulære vev for å verne kroppen mot skadeleg stimuli, til dømes frå patogen, øydelagde celler eller irritasjonsmiddel.

Betennelse
Betente tær som følgje av frostknutar

Betennelse er ein vernande immunrespons som omfattar immunceller, blodårer og molekylære mediatorar. Betennelsen si oppgåve er å eliminere årsakene til celleskade og fjerne nekrotiske celler og øydelagde vev, etterfylgd av vevsreparasjon.

Dei klassiske teikna på akutt betennelse er smerte, varme, raudne, hevelse og funksjonstap. Betennelse er ein generisk respons og er difor rekna som ein mekanisme i det medfødde immunforsvaret, til skilnad frå det tileigna immunforsvaret, som er spesifikt for kvart enkelt patogen.

Betennelse er strengt regulert av kroppen. For lite betennelse kan føre til at vev blir øydelagde, til dømes av bakteriar, og trugar dimed overlevinga til organismen. Kronisk betennelse kan føre til ulike sjukdommar, som til dømes høysnue, tannfestebetennelse, åreforkalking, revmatisk feber og attpåtil kreft (t.d. galleblærekreft). Av desse grunnane er kroppen særskilt grannsam i reguleringa av betennelsesreaksjonar.

Betennelse kan klassifiserast som anten akutt eller kronisk. Akutt betennelse er den tidlege responsen på skadeleg stimuli og skuldast framdrifta av plasma og kvite blodlekamar (særleg granulocyttar) frå blodet mot dei skadde veva. Ein kaskade av biokjemiske skipnadar fremjar og modnar betennelsesreaksjonen, og omfattar mellom anna immunsystemet og ulike celler i det skadde vevet. Vedvarande eller kronisk betennelse fører til ei progressiv forskyving av cellene i betennelsesområdet, og er kjenneteikna av samstundes øydelegging og læking av dei betente veva.

Betennelse er ikkje synonymt med infeksjon. Infeksjon skildrar samhandlinga mellom mikrobiell invasjon og dei følgjande betennelsesreaksjonane i kroppen. Desse komponentane plar å reknast som samanhengande når ein snakkar om infeksjonar, og ordet blir bruka for å implisera at mikrobar har skuld i ein betennelsesreaksjon. Til skilnad blir betennelse spesifikt bruka for å skildre ein vaskulær immunrespons, uavhengig av årsak. Sidan desse orda ofte korrelerar så blir etterstavinga -itt, som visar til betennelse, stundom bruka uformelt for å visa til infeksjon. Uretritt tydar til dømes «urinrøyrsbetennelse», men helsepersonell plar å diskutere uretritt som urinrøyrsinfeksjon fordi mikrobiell invasjon er den vanlegaste årsaka.

Det er likevel viktig å skilje mellom betennelse og infeksjon fordi det finst mange patologiar med betennelse som ikkje skuldast mikrobar. Dømer på dette er aterosklerose, type III hypersensitivitet, traume og iskemi. Det finst òg patologiar der mikrobane ikkje fører til den klassiske betennelsesreaksjonen, som til dømes ved parasittose og eosinofili.

Årsaker

Fysiske:

Biologiske:

Kjemiske:

Typar

  • Blindtarmbetennelse
  • Slimposebetennelse
  • Kolitt
  • Blærebetennelse
  • Hudbetennelse
Samanlikning mellom akutt og kronisk betennelse:
Akutt Kronisk
Utløysande agens Bakterielle patogen, vevsskade Vedvarande akutt betennelse som følgje av ikkje-nedbrytbare patogen, virusinfeksjon, vedvarande framandlekamar eller autoimmune reaksjonar
Viktigaste cellene som er involvert Nøytrofilar (i hovudsak), basofilar (betennelsesrespons), eosinofilar (i respons til helmintar og parasittar) og mononukleære celler (monocyttar, makrofagar) Mononukleære celler (monocyttar, makrofagar, lymfocyttar, plasmaceller) og fibroblastar
Primære mediatorar Vasoaktive aminar, eikosanoidar IFN-γ og andre cytokin, vekstfaktorar, reaktive oksygenartar og hydrolytiske enzym
Utbrot Beinveges Forseinka
Varigskap Få dagar Opptil fleire månadar eller år
Utfall Oppløysing, abscessdanning, kronisk betennelse Vevsdestruksjon, fibrose, nekrose

Hovudsymptom

Dei klassiske teikna og symptoma på akutt betennelse:
Norsk Latin
Raudne Rubor*
Hevelse Tumor*
Varme Calor*
Smerte Dolor*
Funksjonstap Functio laesa**
Alle teikna over kan sjåast i spesifikke omstende, men dei treng ikkje naudsynleg å vere tilstades.

Dette er dei originale hovudsymptoma ved betennelse.*

Functio laesa er ei oppdikta førestilling sidan det ikkje er unikt for betennelse, men er karakteristisk for mange ulike sjukdomstilstandar.**

Betennelse 
Infisert inngrodd tånagl som visar den karakteristiske raudna og hevelsen som følgjer av akutt betennelse

Akutt betennelse er ein kortvarig prosess som vanlegvis oppstår innan få minutt eller timar, og som forsvinn ved fjerning av skadeleg stimuli. Det er kjenneteikna ved fem hovudsymptom eller kardinalteikn: smerte, raudne, immobilitet (funksjonstap), hevelse og varme.

Dei tradisjonelle namna for betennelsesteikn kjem frå latin:

  • Dolor (smerte)
  • Calor (varme)
  • Rubor (rødming/raudne)
  • Tumor (hevelse)
  • Functio laesa (funksjonstap)

Dei fyrste fire blei skildra av Celsus (c. 30 BC—38 AD), medan funksjonstap blei lagd til seinare av Galenos. Den siste attribusjonen er omstridd, og opphavet til det femte teiknet er òg tilskrive Thomas Sydenham og Rudolf Virchow.

Raudne og varme skuldast auka blodstraum til det betente området; hevelse skuldast opphoping av væske; og smerte skuldast utsleppet av kjemikaliar som til dømes bradykinin og histamin som stimulerar nerveendar. Funksjonstap har fleire årsaker.

Desse teikna oppstår ved akutt betennelse på kroppsoverflata, men ikkje alltid ved akutt betennelse i indre organ. Smerte oppstår berre viss det er finst sensoriske nerveendar i det betente området; akutt betennelse i lunga fører ikkje til smerte med mindre betennelsen òg rammar den ytre lungehinna, som har smertesensitive nerveendar.

Framdrifta av akutt betennelse

Betennelse 
Mikroskopibilete som visar granulasjonsvev ved H&E-farging.

Framdrifta av akutt betennelse blir starta av immunceller som allereie er busette i det aktuelle vevet, i hovudsak makrofagar, dendrittiske celler, histiocyttar, kupferceller og mastocyttar. På overflata av desse cellene finst det visse reseptorar kalla mønsterattkjennande reseptorar (PRC), som kan kjenne att generiske molekyl som ofte blir delte av patogen, men som er åtskilde frå vertsmolekyla. Desse molekylmønstra blir kalla patogenassosierte molekylmønster (PAMP). I startfasen av infeksjon, brannskade eller andre skadar vil desse cellene gjennomgå aktivering ved at ein av deira PRR-reseptorar kjennar att eit PAMP. Cellene byrjar då å skilje ut inflammatoriske mediatorar som dannar dei kliniske teikna på betennelse. Vasodilatasjon og den auka blodstraumen fører til raudne (rubor) og auka varme (calor). Auka gjennomtrengingsevne i blodårene fører til eksudasjon (lekkasje) av plasmaprotein og væske ut i veva (ødem), som manifesterar seg som hevelse (tumor). Nokre av dei frigjevne mediatorane, som til dømes bradykinin, aukar følsemda for smerte (dolor). Mediatormolekyla verkar òg på blodårene for å fremje tilstrøyminga av leukocyttar, i hovudsak nøytrofilar og makrofagar, frå utsida av blodårene (ekstravasasjon) og inn i vevet. Nøytrofilane flyttar seg langs ein kjemotaktisk gradient som blir laga av dei lokale cellene for å rekkje fram til det skadde området. Funksjonstapet (functio laesa) skuldast truleg ein nevrologisk refleks i respons til smerte.

I tillegg til dei cellederiverte mediatorane finst det ulike acellulære biokjemiske system som er samansett av førehandsdanna plasmaprotein. Desse verkar samstundes med å iverksetje og fremje betennelsesresponsen. Desse omfattar mellom anna komplementsystemet, som blir iverksett av bakteriar, og koagulasjons- og fibrinolysesystem, som blir iverksett av nekrose, til dømes brannskade eller traume.

Den akutt betennelsesresponen er avhengig av jamn stimulering for å halda ved lag. Inflammatoriske mediatorar har kort halveringstid og blir snøgt brotne ned i vevet. Den akutte betennelsen vil difor stogge så snart stimulien blir fjerna.

Sjå òg

  • anafylatoksin
  • antiinflammatorisk
  • interleukin
  • lipoksin
  • læking
  • substans P

Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Betennelse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.

Tags:

Betennelse ÅrsakerBetennelse TyparBetennelse Sjå ògBetennelse MerknadarBetennelse KjelderBetennelse BakgrunnsstoffBetennelseBlodåreLatinPatogen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peace in the ValleyAkslaAdventure Time-episodarCross Road BluesCanonGlen HardinNazismeAndWikimediaWoodfjordenVêrradarKjell Fjalsett27-årsklubbenFredrik HaslundWikipediaVulkanar i ItaliaBjørnøyaScrabbleDen russisk-ortodokse kyrkjaMark SpitzEddiksyreJulepyramideBBC PrimeCathrineholmJarle TråEstisk litteraturHannah MontanaLars BergerRapsoljeHøgaste fjell i EuropaNorske militære gradarKyprosEdvard VII av StorbritanniaAstrid Krog HalseRayleeAtlanterhavskabelenPaul RodgersSkotsk musikkBizkaiaSang til BergenAftonbladetPeloponnesBjørnGermanararCyanMunnavlesingBietarNorrøn tidMoon ZappaKirkenærRøyskattOpus DeiKirsti SparboeYesud HaMa'alaIndonesiaKjærleikKopplamJanneØystein SundeHeartbreak HotelJamvektNautisk milEtiopiaHakkaBirger EriksenKnut Marius DjupvikHøyRettferdig RusslandTabarcaSamvirkelagOperasjon muskedunderMick TaylorTidvatnKarinIrakisk geografiPeriferieininga Thessaloníki🡆 More