Raudflamingo: Fugleart

Raudflamingo (Phoenicopterus ruber) er ein av dei seks artane som utgjer slekta Phoenicopterus, einaste slekta i flamingofamilien, Phoenicopteridae.

Raudflamingo
Raudflamingo, Phoenicopterus ruber
Raudflamingo, Phoenicopterus ruber
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av raudflamingo
Utbreiinga av raudflamingo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Phoenicopteriformes
Familie: Flamingoar Phoenicopteridae
Slekt: Flamingoar Phoenicopterus
Art: Raudflamingo P. ruber
Vitskapleg namn
Phoenicopterus ruber

Raudflamingoen hekkar på Galapagosøyane, ved kysten av Colombia og Venezuela med øyane utanfor, på Yucatán-halvøya i Mexico, og i det nordlege Karibia inklusive øyane Bahamas, Hispaniola, Cuba og Turks- og Caicosøyane. I Florida har det vore gjort mange observasjonar av denne fuglen, dei fleste er rekna for å vere rømlingar frå parkar. Raudflamingo er nasjonalfugl på Bahamas.

Raudflamingoen har kroppslengd på 120-140 cm, hannar veg ca. 2,8 kg og hoer ca. 2,2 kg. Artsnamnet kjem av at mykje av fjørdrakta har rosa farge. Den rosenraude farga skil raudflamingoen frå den mykje bleikare rosenflamingoen, P. roseus. Vengdekkfjørene er raude, og dei primære og sekundære svingfjørene er svarte. Nebbet er rosa og kvitt med avgrensa svart spiss, og beina er heilt rosa. Lyden frå raudflamingoen er som tuting frå gjæser.

Raudflamingo: Fugleart
Raudflamingo med egg.
Foto: John Harrison
Raudflamingo: Fugleart
Hovudskalle
Raudflamingo: Fugleart
Flamingoegg

Til likskap med dei næraste slektningane føretrekk raudflamingoar habitat med salthaldige laguner, mudderbankar eller grunne innsjøar med ferskvatn eller brakkvatn. Som andre flamingoar, får dei eit kalkkvitt egg i kullet, det skjer mellom mai og august. Ruginga tar frå 28 til 32 dagar, begge foreldra har omsut for ungane i ein periode på opp til 6 år då dei vert kjønnsmodne. Forventa levetid er ca. 40 år, det er av det lengste blant fuglar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Raudflamingo: Fugleart  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Raudflamingo

Tags:

ArtBahamasBiologisk slektColombiaCubaFlamingofamilienFloridaFuglenGalapagosøyaneHispaniolaKaribiaNasjonalfuglTurks- og CaicosøyaneVenezuelaYucatán

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

FaryngittEx-utstyrOtto JespersenDelaware-elvaMount EverestRefraksjonZZ TopBook of KellsBrekkbønneAngelina JolieTrymskvidaKleopatraRomaniaCarina DahlFascismeEndometrioseLeedsGrevinnen og hovmesterenAitikgruvaMarikkenPolenSalhuskvintetten OlkabilamoLike-til-likeWenche MyhreWikimediaHollandYEtterretningsbataljonenMyllargutenSavoykålTibetansk skriftSunde i SunnhordlandKrysantemumBjørnøyaBuFjøllrosaOlivia RodrigoRekreasjonKonkursKárystosUtviklinga av traktorenSkýrosLerkDílesiIrakPeter GabrielSharp Dressed ManFilmserien Harry PotterVoss heradDaddelTom HagenOffentleg eigedomWayback MachineBjørgvinBergen kommuneEdvard VII av StorbritanniaKlimaBlåmannTrøndelag fylkeKnut HamsunElon MuskDie WelleLokeSola kommuneRundeskattenHotel Union ØyeTsjekkiskKate BushOperativsystemMediaWikiGoCuba🡆 More