Tibetansk Skrift

Tibetansk skrift er ein abugida som høyrer til dei nordindiske skriftsystema.

Den tibetanske skrifta blir brukt i Tibet og i Bhutan. Det er denne skrifta dei heilage tekstane til dei tibetanske munkane er skrive i. Som for alle indiske skriftsystem har kvar staving ein inherent vokal «a» (ka, kha, ga og så bortetter), som via diakritiske teikn blir endra til andre vokalar (ki, khi, ghi osb.).

Tibetansk Skrift
Fire ulike tibetanske skriftstilar. Teksten tyder «Fri Tibet».
Tibetansk Skrift
Mongolsk, tibetansk, kinesisk og mandsjurisk skrift (i Lamatempelet i Beijing

Historie

Den tibetanske skrifta vart lånt inn frå indarane og tilpassa tibetansk av Tonmi Sambhoda etter ordre frå den tibetanske kongen Srong btsan sgam po .

Den eldste utforminga (ductus) av denne skrifta, dbu can ('med hovud') frå 600-talet, er den som er i bruk i trykte versjonar av skrifta i dag. Ho liknar ganske mykje på Gupta-inskripsjonane. Utforminga dbu med (= utan hovud) oppstod først på 1100-talet. Skilnaden mellom dei to er at dbu can har ei overline (eit hovud), og denne lina manglar hos den litt meir kursiverte dbu med.

Som det går fram av ved å samanlikne skriftteikna, må teikna for ts etc. vere danna av c etc., og også ein del andre teikn må vere sekundære. På eit seinare tidspunkt vart det danna teikn for retroflekse lydar ved å spegelvende teikna for dentalar, for å vere i stand til å skrive sanskrit.

Konsonantskjema

Det tibetanske skriftsystemet består av 30 konsonantar, som etter lingvistiske kriteria kan bli ordna på denne måten (dermed er dei også ordna i sorteringsrekkjefølgje, eller «alfabetisk» viss dei blir lese line for line:

Det tibetanske konsonantskjemaet
Spalte 1 Spalte 2 Spalte 3 Spalte 4
Line 1 K    ཀ KH    ཁ G    ག NG   ང
Line 2 C    ཅ CH   ཆ J    ཇ NY   ཉ
Line 4 T    ཏ TH   ཐ D    ད N    ན
Line 5 P    པ PH   ཕ B    བ M    མ
Line 6 TS   ཙ TSH  ཚ DS   ཛ W    ཝ
Spaltane gjeld berre hit
Line 7a ZH   ཞ Z    ཟ '    འ
Line 7b Y    ཡ R    ར L    ལ
Line 8 SH   ཤ S    ས H    ཧ A    ཨ

Kommentarar til den manglande line 3 står nedanfor under avsnittet om framandord.

Vokalteikn

Vokalane i tibetansk er a, i, u, e, o. Som i andre indiske skriftsystem inneheld kvart konsonantteikn ein inherent a, og dei andre vokalane er uttrykt med diakritiske teikn, slik: ཀ ka, ཀི ki, ཀུ ku, ཀེke, ཀོ ko. Det tibetanske skriftspråket skil ikkje mellom lang og kort vokal, bortsett frå i lånord frå sanskrit, som er transkribert på ein spesiell måte.

Staving

Grunneininga i den tibetanske ortografien er stavinga, som i skrifta alltid blir avslutta med eit stavingsslutteikn (tsheg). Teiknet ser ut som ein liten likesida trekant (med spissen ned) (་), eller som ein T.

I translitterering av tibetansk blir tsheg ikkje vist direkte, men som bindestrek eller ordslutt (mellomrom, skiljeteikn).

Inni stavinga (dvs. mellom to tsheg-teikn, eller frå tekststart til første tsheg) står den skriftlege framstillinga av stavinga, som består av eit konsonantteikn for stavingsframlyden, vokalen (anten eit diakritisk teikn eller inherent a for stavingskjerne) og eventuelt eit nytt konsonantteikn for stavingsutlyd. Konsonantar i utlyd har ikkje vokal etter seg (og ikkje inherent vokal), noko som går fram av tsheg-teiknet.

Framlyd

Tibetansk Skrift 
Mantraet «om mani padme hum» med tibetanske bokstavar i ulike fargar.

Av dei 30 konsonantane er det mogleg å danne fleire ulike grafem med hjelp av subskripsjon (underskriving), superskripsjon (overskriving) og preskripsjon (framforskriving), og ulike samanskrivingar. Alle dei 5 vokalane kan kome etter desse grafema. For å illustrere blir grunnbokstaven (som får ein sub-, super- eller preskript etter seg) skrive med stor bokstav.

Subskripsjon

Bokstavane y, r og l kan bli skrive under mange grunnbokstavar i stavingsutlyd, dermed endrar y og r form. (l held på forma si, men blir litt mindre.)

  • Dei 7 grafema med subskribiert y (dei blir kalla ya btags) blir translitterert ky, khy, gy, py, phy, by og my.
  • Dei 14 grafema med subskribiert r (ra btags) blir translitterert kr, khr, gr, tr, thr, dr, nr, pr, phr, br, mr (som del av grafemet smr), shr, sr og hr.
  • Dei 6 grafema med subskribiert l ( la btags) blir translitterert kl, gl, bl, zl, rl og sl.
  • Grunnbokstavane c, ch, j og ny og ts, tsh, ds og w kan ikkje få subskript.

Superskripsjon

Bokstavane r, l og s kan bli skrive over mange grunnbokstavar i stavingsutlyd, mange av dei kan også få ulike subskrberte konsonantar. Dermed endrar r form, l og s blir litt mindre. Desse superskripta kjem borti hovudlina, og grunnbokstavane blir skrive litt under lina.

  • Superskribert r (ra mgo) dannar grafema rk, rg, rng, rj, rny, rt, rd, rn, rb, rm, rts og rds. Grunnbokstavane k, g og m kan også få ein subskriberte y. Hos rk, rg, rn og rm setzt sich der senkrechte Teil des Superskripts in einer entsprechenden Linie des Grundbuchstaben fort. Bei rny er die Gestalt des r fast unverändert, überall sonst ähnelt sie dem lateinischen T.
  • Superskribert l ( la mgo) dannar grafema lk, lg, lng, lc, lj, lt, ld, lp, lb og lh. Dei kan ikkje ta subskript.
  • Superskribert s ( sa mgo) dannar grafema sk, sg, sng, sny, st, sd, sn, sp, sb, sm og sts. Grunnbokstavane k, g, p, b og m kan ta subskript y og r. No og då finn vi også snr.
  • Med unntak av lh har grunnbokstavane som kjem etter w i sorteringsrekkjefølgja (nemleg zh, z, , y, r, l, sh, s, h og «konsonantisk a») ikkje superskript.

Preskripsjon

I visse tilfelle kan bokstavane g, d, b, m og bli sett før grunnbokstaven i framlyd. Denne grunnbokstaven kan også få ulike super- og subskript. Dei preskriberte bokstavane er uforandra i storleik og form. I translitterasjon blir preskriberte konsonantar sett til venstre for grunnbokstaven:

  • Preskribert g kan stå før desse grunnbokstavane (som alle kan ha super- og subskript): c, nz, t, d, n, ts, zh, z, y, sh og s. Dermed må g til grunnbokstaven y bli translitterert som «g.y» for «gy» utan punktum betyr grunnbokstav g med subskribiert y.
  • Preskribert d kan stå før desse grafema: k, g, p, b (alle fire kan også ha y eller r som subskript), ng, m og ny. Det er umogleg å ha grunnbokstav med preskript d viss han har superskript.
  • Preskribert b kan stå før desse grafema: k (y r l), rk (y), sk (y r), g (y r), rg (y), sg (y r), rng, sng, c, rj, rny, sny, t, rt, lt, st, d, rd, sd, rn, sn, rts, sts, rds, zh, z (l), rl, sh og s (l). I parantes står dei subskripta som kan (men ikkje må) stå til grunnbokstaven. For brl er r grunnbokstav, for berre b kan stå som preskript for ein grunnbokstav som har ein super- eller subskript på same tid.
  • Preskribert m kan stå før kh, g, ng, ch, j, nz, th, d, n, tsh og ds. kh og g kan også ta subskript y eller r.
  • a chung () kan stå som preskript før alle grunnbokstavane i spalte 2 og 3 ( kh, g, ph og b kan også ha subskript y og r) og før thr og dr.

Tibetansk skrift i Unicode

Tibetansk skrift er representert i Unicode, skriftteikna har desse kodeverdiane (tittelen over kolonnane er siste siffer i talverdien, dei to første teikna på første line har t.d. talverdi F100, F101)

    0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F
F00  
F10  
F20  
F30   ༿
F40  
F50  
F60  
F70   ཿ
F80  
F90  
FA0  
FB0   ྿
FC0  
FD0  
FE0  
FF0   ࿿

Sjå også

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Tibetansk Skrift HistorieTibetansk Skrift KonsonantskjemaTibetansk Skrift VokalteiknTibetansk Skrift StavingTibetansk Skrift FramlydTibetansk Skrift SubskripsjonTibetansk Skrift SuperskripsjonTibetansk Skrift PreskripsjonTibetansk Skrift Tibetansk skrift i UnicodeTibetansk Skrift Sjå ogsåTibetansk Skrift BakgrunnsstoffTibetansk SkriftAbugidaBhutanDiakritiske teiknTibet

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Amfíklia-ElátiaNasjonaldrikkFreie Demokratische ParteiProgrammeringsspråket JavaSamisk kulturMargrethe RøedSilkeormJaran DammannMogopJernSuraj i OmanMyrlikHol kommuneSluddSylvi ListhaugHomofiliCarl LarssonTorstein BaePeter BoszFrida KahloKent AndersenSlumdog MillionaireBook of KellsPannemerke i hinduismenJohnny DeppInternettLivadiáSandefjord kommuneStore norske leksikonErik AndersenMorsdagKonfutseAmazonaselvaTraktorLohengrin sjokoladeKleopatraJolene av Dolly PartonMatriarkLundefuglVM i fotball 2006DrivhusgassMuhammedClaus JervellAleksander I av RusslandTrettiårskrigenNellikrevolusjonenIf I Were SorryInformasjonskapselDamplokomotivBiologisk ordenSportsjournalistenes statuettDanmarkBergen kommuneBjørnstjerne BjørnsonPortugalLønnOsloCascadaAda LovelaceHaltiPolitiJohann Sebastian BachPliktetikkPN-overgangKriminalitetDaddelIALA maritime bøyesystemAmalie SkramHenrik WergelandRosenborg slottEspen Barth EideSolgangsbrisDan Børge AkerøAtle HansenInnsjøar i SverigeVerktøyet filIstanbulHarr🡆 More