Aum

«Aum» eller «om» er ei staving som har ei viktig praktisk, symbolsk og filosofisk tyding innan hinduismen og avleia religionar.

Lyden står for dei opphavlege guddommelege vibrasjonane i verda, og blir brukt i ei rekke hinduiske tekstar og i noko nær alle bøner og mantra. I følgje nokre tolkinga blei verda me sansar skapt av denne lyden, og eit ekko av han finst i kvart levande vesen.

Aum
Ligatur for aum med devanagariskrift

Aum er òg kjend som pranava mantra, 'nynnemantraet', eller udgitha, 'oppoversong'.

Lyden

«Aum» er sett saman av tre lydar, /a/, /u/ og /m/. Desse skal stå for treeininga av skaparen Brahma, vedlikehaldaren Visjnu og øydeleggjaren Sjiva, eller for dei tre formene for medvit: Vake, draum og djup søvn.

Teiknet

Aum 
Stilisert tamilsk «om» kan minna om ein elefant.

Nedskrive med devanagariskrift har aum-symbolet (ॐ) blitt kjend over heile verda. Sjølv om ordet er best kjend i denne forma frå sanskrit og hindi, kan ein sjølvsagt òg skriva «aum» med ulike skriftsystem. Også då blir teiknet rekna som heilag. «Aum» i devanagari er (Unicode U+0950) og med tibetansk skrift (Unicode U+0F00).

Bruk

Aum 
«Aum» på eit eldkar under ein hinduisk bryllaupsseremoni.

«Aum» er brukt som pynt på bygningar, smykke, klede og liknande, også av ikkje-truande. Det er likevel som religiøst symbol at tydinga er sterkast, og «aum» er i flittig bruk under hinduiske seremoniar.

«Aum» innleier svært mange bøner og gudehelsingar, som i mantraene «Aum namó Narajana», til Visjnu, «Aum namó Sjivadja» til Sjiva, eller bøna «Om djai djagadisj».

Innan buddhismen er lyden best kjend frå mantraet «Om mani padme hum». Ein finn han òg igjen i sikhismen, der han innleier bøna «Mul mantar» med «Ek omkar».

Uttale av eit langtrukke «aum» kan vera del av meditasjon. Det skal då verka avslappande og lækjande.

Kjelder

Tags:

Aum LydenAum TeiknetAum BrukAum KjelderAumBønEkkoHinduismenHinduskrifterMantraStaving

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Katrine SeleZevsDu som låg i natti seineAnarkismeIslamSunniislamGerda GreppOhio36Buddhistiske høgtiderAvdijivkaDiktWalesFlodsvinFeltspat27. marsUSALungeemfysemDamplokomotivLøveWienerklassisismenElin ØrjasæterHierarkiSør-AfrikaStankelbeinEuropaHovudBronkittLuftGuamFiskeslaget aspDen europeiske unionen1KongekondorHanna BrummenæsKaspihavetRugby4253Kaptein SabeltannNew ZealandSosiale mediumQueenMaliKultur i 1894MayenPakistanSunnhordlandsdialektNapoléon BonaparteGrunnlovDen karolingiske renessansen31. marsNellikfamilienRådyr90RøyskattenEngelsk2422TeokratiBodø kommuneLev TolstojTrojansk hestKrokskogen2006Har SedomJon Almaas81Skottland71Ski-NM 1968T. RexResesjonListe over primtalTrude MarsteinGiordano Bruno🡆 More